Trur du som veljar et ein stor kommune i til dømes Vest-Telemark vert så attraktiv som bukommune etter ei sammenslåing… i verste fall ved tvang?! Trur du som vel ved eit valg at ein storkommune vil gje deg dei beste tenestene? Trur du at politikarane, som det vert mange færre av, helst langt frå ditt område i storkommunen, vil syte for at foreldra dine får den beste eldreomsorga, den beste alderdommen langt frå der dei hadde sitt…. og kanskje der du er i dag?!
Telemark Senterparti er talerøyret som syter for at kommunestrukturen vert halden på som den er og at du, som pårørande kan ha dine i nærleiken vidare…. I din kommune i grei avstand for å koma på vitjing.
Torstein E. Tveito
2 nestleiar Telemark Sp og ordførar i Kviteseid.