Meny

Sterkare demokrati med større kommuner?

Større kommuner gjev ikke sterkare demokrati og større valgdeltaking. Utfordringa er korleis innbyggarane kjenner seg involvert og lytta til. Her er attendemeldinga frå kommunereformen i Danmark at avstanden har vorte lengre mellom innbyggar og kommunepolitikar med større kommuner

Dette er Harald Westby (H) sin påstand i avisa den 15.april. Eg tillet meg å sette eit stort spørsmålstegn bak denne påstanden. Westby meiner at det i mindre kommuner nå er få valglister å velge mellom, og at kommunene må bli så store at alle parti kan stille lister. 

Da er det interessant å sjå på tala frå siste kommunevalg i 2011 om dette stemmer. I dei fem kommunene med best valgdeltaking var det Fedje som hadde den høgste deltakinga med 86,4%. I tillegg låg Røyrvik, Kvitsøy, Rømskog og Vegårshei på over 80%. Interessant er at dette er kommuner med innbyggertall frå 560 til snaut 800, unnateke Vegårdshei med vel 2000 innbyggarar. I Fedje er det 455 stemmeberettiga, 5 valglister og det er Høgre som har ordføraren. Det er kun i Røyrvik det berre er 2 valglister, men den eine lista er ei fellesliste frå H,V,Sp,Krf og uavhengig. 

For å ta kun større kommuner som har minst 10 000 avgjevne stemmer hadde Oppegård den høgste deltakinga med 72,2 prosent. Den lågaste var i Sarpsborg med 56,3 %. Oslo kommune som den største kommunen i Norge hadde 65,1%.

Vi kan også sjå på største kommunen i Oppland Gjøvik, med 10 parti å velge i så er det ei valgdeltaking på 60,8%. Etnedal som den minste kommunen har ei valgdeltaking på 63,8% og 5 parti å velge i.

Konklusjonen med at større kommuner gjev sterkare demokrati og større valgdeltaking blir altså feil. Utfordringa er jo korleis innbyggarane kjenner seg involvert og lytta til. Her er attendemeldinga frå kommunereformen i Danmark at avstanden har vorte lengre mellom innbyggar og kommunepolitikar med større kommuner. Vi som politikarar skal representere folket. Da er det viktig korleis vi riggar dei ulike politiske nivåa. Etableringane av dei statlege helseforetakene er eit eksempel på korleis vi som lokal- og fylkespolitikarar er satt på sidelinja og redusert kun til referansegrupper for sjukehusstyret i viktige spørsmål for våre innbyggarar. Kommunereformen må nyttast til å ta makta attende til dei folkevalde styrene, og da er det ikkje nødvendigvis størrelsen det kjem an på.

Senterpartiet er i likhet med Westby og Høgre oppteke av eit oppegåande lokaldemokrati. Men i motsetning til Høgre har vi tillit til at folket ved folkeavstemming skal få røyste for eller mot kommunesamanslåingar. Det er å ta folket og demokratiet på alvor!

Ivar Odnes 

Fylkesordførarkandidat, Oppland Sp