Meny
Bli medlem

Sterkare satsing på skulehelsetenesta i Telemark

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
-Eg er veldig glad for at Senterpartiet, Arbeiderpartiet og SV er enige om å starte opp ei sterkare satsing på skulehelsetenesta i Telemark, og at dette skal vere eit prioritert område innan folkehelsearbeidet i fylkeskommunen framover, sa Beate Marie Dahl Eide i fylkestinget i dag.

Eg vil bruke taletida mi i denne budsjettdebatten til å snakke om behovet for å styrke skulehelsetenesta i Telemark og om psykisk helse blant barn og unge.

Senterpartiet, Arbeiderpartiet og SV er enige om ei sterkare satsing på skulehelsetenesta i Telemark, og legg no inn 1 million kroner i 2014 til å styrke dette arbeidet. Skulehelsetenesta skal vere eit prioritert område innan folkehelsearbeidet i fylkeskommunen, og vi ønsker med dette at utviklinga av skulehelsetenesta i Telemark skal systematiserast. Siktemålet er ei heilskapeleg tenking, styrking av tilbodet og ei meir systematisk oppfølging av eleven gjennom heile utdanningsløpet.

Ei god skulehelseteneste er viktig for elevane i vidaregåande opplæring, og eit avgjerande bidrag til folkehelsa. Det er spesielt viktig å styrke arbeidet med psykisk helse blant unge, spesielt med tanke på førebygging. Det må sikrast gode overgangar mellom grunnskule og vidaregåande skule.

Tilfeller av psykiske lidelser stig i alle aldersgrupper, men det er spesielt bekymringsfullt at auka hos den yngste gruppen er dobbelt så stor som i andre grupper. Senterpartiet mener derfor det er viktig å auke kunnskapen om psykisk helse blant ungdom og at dei som har behov for hjelp får det raskt og på eit tidlig stadium. Det å styrke helsestasjonane og skulehelsetenesten er viktig fordi forebygging er betre enn reparering, noko helsesøstre opplever kvar einaste dag!

Psykiske vanskar er eit stort helseproblem hos barn og unge i Norge i dag. Tal frå folkehelseinstituttet viser at om lag 70 000 barn og unge har psykiske lidelsar som krev behandling. 70 000.

Til ei kvar tid reknar vi med at 15–20 prosent av barn og unge mellom tre og 18 år har nedsatt funksjon på grunn av symptom på psykiske lidelsar som angst, depresjon og atferdsforstyrrelsar. Av dem vil altså cirka 70 000 barn. 8%  – ha så alvorlege symptom at det tilfredsstiller krava til ei psykiatrisk diagnose. Dei aller fleste av desse treng behandling.

Det er unødvendig å seie at psykiske vanskar og lidelsar fører til mistrivsel, lærevansker og funksjonsproblem i heim og skule.

Undersøkelsar viser at meir enn kvar tredje 16-åring iløpet av oppveksten har hatt så mange symptom at dette oppfylte kriteriane for ei psykiatrisk diagnose som for eksempel ein angstlidelse, ein depresjon eller ein atferdsforstyrrelse. Norske studier tyder på at 15–20 prosent av ungdom har betydelige symptomer på depresjon, og at opptil fem prosent har såpass alvorlige depressive symptomer at de har en diagnostiserbar depressiv lidelse.

Når ein tenker på psykiske problem så er det lett å tenke på familiar som er i risikosonen av ulike grunnar: rus, psykiatriproblem hos foreldre osv. Det er viktig å vere klar over at dei fleste barn som får psykiske plager, kjem frå heilt vanlige familier der det gjennomgående er få risikofaktorar. Det gjer det vanskelig å forutsjå kva barn som kjem til å få plager seinare i livet. Nettopp derfor er det viktig med det breie folkehelsearbeidet, strukturelle tiltak, som treff alle barn og unge. Vi veit likevel at risikoen aukar betrakteleg når belastninga som barnet vert utsett for, blir store, rammer fleire områder i livet, eller varer over lang tid.

Eg brukar tid på dette her idag fordi dette er utruleg viktig! Dette handlar ikkje om tall og statistikk. Det handlar om enkeltmenneske. Elevar. Våre ungdommar.

Ein kan gjere mykje for å styrke det faglege i skulen, og det er sjølvsagt viktig. Men vi må innsjå at vi når aldri dei ambisiøse måla vi sett oss for den vidaregåande skulen i Telemark om vi ikkje sørgar for at ungdommane våre har det bra, både i og utanfor skulen.

Helsesøsterne og helsestasjonane er utruleg viktige i dette arbeidet, ikkje minst når det gjeld det forebyggande arbeidet, innan psykisk helse. Det er viktig at vi kan tilby elevane ein samtalepartner når det gjeld ulike personlige forhold som f.eks. samliv, seksualitet, sorgreaksjoner, spiseforstyrrelser, mobbing og rusmiddelproblematikk. I eit av verdas rikaste land er streben etter det perfekte, etter lykke, blitt svært sterkt. For mange ungdommar blir dette presset for sterkt.

Kanskje burde vi ha meir fokus på å lære ungdommane våre også å takle sjølve livet? Nelson Mandela sa at "the greatest glory in life lies not in never falling, but in rising everytime we fall". Dette er viktige ord å ha med seg.

 Vi har ikkje nokon heilt oppdatert oversikt over nivået og kvaliteten i skulehelsetenesta i fylket vårt, men vi veit at det er store forskjellar mellom skulane. Ein skule som Skien vidaregåande skule har helsesøster to dagar i veka på kvar av sine avdelingar. Med 650 elevar på kvar av avdelingane. Det blir ikkje mange minuttar per elev. I Elevundersøkelsen som kjem no lyser det knallrødt på nettopp skulehelsetenesta, både for Skien og andre vidaregåande skular i Telemark.

Skulehelsetenesta er ei kommunale oppgåve, men det handlar i høgaste grad om våre elevar og dei resultat vi som fylkeskommune kan nå. Det er difor utruleg viktig at fylkeskommunen og Telemarkskommunane jobbar tettare saman for å styrke skulehelsetenesta i Telemark. Skulehelsetilbodet, både i grunnskulen og dei vidaregåande skulane, må kartleggast. Kommunane og fylkeskommunen må sette seg felles mål for kvaliteten og omfanget av tenesta. Skulehelsetenesta bør bli ein del  av arbeidet med "kommuneavtalane", som skal sikre ei felles prioritering mellom kommunane og fylkeskommunen.

Den forrige regjeringa styrka helsestasjonane med 180 millioner kroner frå 2014, i forbindelse med den Folkehelsemeldingen "God helse - felles ansvar". Senterpartiet prioriterer folkehelsearbeidet høyt, så for meg er ikke 180 millioner nok. Men, det er ein god start. Så langt eg kan sjå har den nye regjeringa vidareført denne satsinga. Eg håpar at Telemarkskommunene og fylkeskommunen kan snakke saman om korleis desse ekstra midlane kan brukast for å styrke skulehelsetenesta til ungdommane våre.

Telemark fylkeskommune bør i det vidare arbeidet hente inn idear og kunnskap frå andre fylkeskommunar. I Oppland fylkeskommune har dei til dømes tilsett eigne sjukepleiarar og helsesøstre i dei vidaregåande skulane. Dei har tittelen helserådgivere, er medisinskfaglig underlagt kommunelegen, og er til stades i skulekvardagen for å hjelpe elevane. Og andre fylker har sikkert gjort andre grep og har andre måtar å arbeide på som vi kan lære av.

.