Meny
Bli medlem

Sterkaste vekst i distrikts-Noreg på 30 år

Sist endret: 27.09.2020
- Etter åtte år med Sp i regjering, har vi no den sterkaste folketalsutviklinga i distrikts-Noreg på over 30 år. I fjor hadde 300 kommunar i Noreg vekst i folketalet. Det er eg stolt over å ha vore med på. Bak tala ligg det at fleire har fått betre liv, og meir valfridom - der dei bur, sa Liv Signe Navarsete i Stortinget.

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete sitt innlegg i Stortingets trontaledebatt 22. oktober 2013:

President,

 

Først vil eg gratulere den nye regjeringa. President, den nye regjeringa overtek eit land i god stand. Dei overtek og eit stort ansvar for liva til enkeltmenneske i Noreg. I tråd med kjernen i Senterpartiets forvaltarideologi, overlet vi landet til den nye regjeringa i betre stand enn det var då vi sjølv fekk det.

 

Senterpartiets veljarkontrakt

Senterpartiet har ei veljarkontrakt å oppfylle. Den blir ikkje mindre viktig av at vi har fått eit regjeringsskifte. Vi gjekk til val på å bruke naturen slik at våre etterkomare har dei same moglegheitene som vi har hatt. Naturen er grunnlaget for arbeidsplassar og verdiskaping, og for løysinga på klimakrisa. Vi vil at Noreg skal produsere mat til vår eiga befolkning. Vi vil arbeide for at eldre skal halde seg friske lenger, og ha gode og meiningsfulle kvardager - anten dei vel å stå i arbeid lenger, bu heime sjølv om helsa skrantar, eller få plass på sjukeheim om ein treng det.

 

Veg og bane må knytte landet tettare samen. Avstanden mellom folk og marknader må bli kortare.

 

President, grunnstammen i vår politikk er at folk skal få bestemme over eigen kvardag. Lokaldemokratiet er ei bærebjelke. Folk skal ha reell valfridom. Då må arbeidsplassar, bustader og likeverdige helse- og omsorgstenester vere på plass i heile landet.

 

I åtte år har Senterpartiet hatt avgjerande påverknad på norsk politikk. No skal vi vere eit konstruktivt opposisjonsparti. Vi skal bruke vår makt til beste for heile landet. Vi tek vår kontrakt med veljarane på alvor.

 

Vi i Senterpartiet skal fortsatt kjempe for dei sakane som er viktige for oss. Vi skal slåss 8 åra heldt fram.

 

Mykje står på spel.

 

Vekst fordelt over heile landet

Trygg styring har gitt oss høg sysselsetting, låg rente, og ein historisk vekst i nyskaping og velferd. President, når skattelistene vart offentleggjort for nokre dagar sidan, visar dei at økonomien er god for dei fleste i Noreg. Forskjellane mellom folk er blitt mindre. Veksten er fordelt over heile landet. President, Senterpartiet skal arbeide for at den sosiale og geografiske utjamninga skal fortsette.

 

President, vi har vore ei tydeleg stemme overfor EU og i nordområda. President, Senterpartiet har sett sitt preg på den raudgrøne regjeringa - og på heile landet.  Vi har arbeid hardt for at vi sjølv skal få bestemme over vårt eige land. Vi har arbeid for at folk sjølve skal få velje kor dei vil bu og leve.  Då trengs det arbeidsplassar, bustader og likeverdige helse- og omsorgstenester i hele landet. Utan det, blir den sokalla valfridomen eit tomt skal. Folk må og kjenne tryggleik for eige liv og eigedom. Difor må vi sikre nærpolitiet, brannvesenet og alarmsentralar som har både lokalkunnskap og kort responstid. Det hjelper lite med gode helsetenester og nok politi om hjelpa ikkje når fram i tide. Senterpartiet skal jobbe for at du fortsatt får hjelp når du treng det - same kor du bur, og same kor tjukk eller tynn lommebok du har.

 

Sterkaste folketalsutvikling i distrikts-Noreg på over 30 år

President, etter åtte år med senterpartiet i regjering, har vi no den sterkaste folketalsutviklinga i distrikts-Noreg på over 30 år.

I fjor hadde 300 kommunar i Noreg vekst i folketalet. Det er eg stolt over å ha vore med på. Bak tala ligg det at fleire har fått betre liv, og meir valfridom - der dei bur. Folk skal ha ei reell moglegheit til å bu der dei trivst. Difor må dei ha valfridom til å kunne arbeide, sjølv om ein har små barn. Folk må ha valfridom til å bu godt i byen, men og til å flytte ut av byane, og til ein god og spennande jobb på ein mindre plass.

 

Ikkje valfridom utan tryggleik

Valfridom er ikkje mykje verdt utan tryggleik for at ein får like gode helse- og omsorgstenester, sjølv om ein flyttar til ein mindre plass. Fleire tilsette i barnevernet gjer at fleire små born og fleire familiar som slit, får hjelp til å få livet tilbake på sporet. Fleire tilsette i pleie og omsorg gjer at fleire eldre og sjuke som ikkje kan greie seg sjølv får ein betre kvardag. Det gir og avlastning for pårørande. Men viktigast: eldre og sjuke får betre støtte til å leve gode, meiningsfulle liv.  

 

President, Senterpartiet tek heile landet i bruk. Maten og luktene som skaper julestemning og barndomsminne, kjem ikkje av seg sjølv. Turen på snaufjellet og utsikten mot fjorden blir ikkje det same utan at beitedyr stoggar tilgroing. Klimaendringar trugar vegetasjon og artsmangfald både her og i resten av verda. Om bønder og beitedyr forsvinn, kan både middagstallerkenen og landet bli sjåande dramatisk forskjellig ut.

 

President, alle veit at Senterpartiet har jobba hardt for norsk matproduksjon. Folk skal kunne stole på at maten dei serverar ungane sine, er trygg. Vi må ha nok mat, særleg i ei verd med klimaendringar og folketalsauke. På plakatane til demontrantar i Egypt, stod det "brød". Matmangel førar til uro. Nok mat er viktig for beredskapen vår. Norsk mat og mattradisjon er viktig for identiteten vår. Eg er sterkt uroa over framtida til norsk matproduksjon under den nye regjeringa. Senterpartiet skal fortsatt vere sterke forkjemparar for landbruket.

 

Rekordstor utbygging av fornybar energi

President, Senterpartiet og den raudgrøne regjeringa har fått til ei rekordstor utbygging av fornybar energi, og ei rekordstor auke til forsking og utvikling på klimateknologi. President, vi har eit stort ansvar for at dei som kjem etter oss, skal ha den same valfridommen og like gode moglegheiter som vi sjølv nyter godt av. Ei klode som ikkje er overoppheta, men har ei sunn og sterk flora og fauna, er det viktigaste vi kan gje vidare.

 

"Det er kostbart å ha høyrelederen på besøk", sukka Ola Borten Moe etter Erna Solberg hadde vitja Trondhjem tidlegare i år. "Sist kosta det oss 1000 mål med matjord". Å bygge bustader på god matjord er kanskje billegare for utbyggaren - men etterkomarane våre kan betale ein høg pris om vi ikkje kan produsere nok mat. Senterpartiet skal fortsatt slåss mot at god matjord blir øydelagd til fordel for kjøpesenter og andre kortsiktige mål.

 

President, i vår regjeringstid har vi hatt tidenes samferdsleløft. Veg, bane og breiband knytter landet tettare samen.  Kollektivsatsing, og satsing på sykkel- og gangfelt gjer oss betre klima, betre luft i byer og tettstader - og betre folkehelse.

 

Styrk lokaldemokratiet

President, Senterpartiet er ikkje allergiske mot kommunesammenslåing. Snarare er dei fleste kommunesammenslåingane i Noreg dei siste åra, initiert og gjennomført av Senterpartipolitikarar. Derimot er vi allergiske mot at Noregs-kartet skal teiknast i Oslo. President, det viktigaste for oss er å styrke lokaldemokratiet. Det gjer ein ikkje ved å slå saman kommunar mot innbyggaranes vilje. Høgre og FrP er langt frå framande for bruk av tvang. Når dei no vil starte ei prosess for å endre kommunestrukturen, tar dei ikkje ordet tvang i sin munn lenger. Dei skjønar nok at tvang gir ei dårleg smak i munnen til folk flest. Men inntil Høgre og FrP  høgt og tydeleg lovar å gå bort frå tvang, vil eg rå kommunar frå å gå inn i prosessar dei reelt har så lite råderett over. Folk må få si sin meining om kva som er best for dei og deira kommune. Senterpartiet kjem ikkje til å akseptere samanslåing ved tvang.

 

Offensiv EU/EØS-politikk

Senterpartiet vil at vi skal bestemme over vårt eige land. Vi har hatt ein offensiv EU/EØS-politikk, og ivareteke Noregs interesser i møte med EU. Vetoretten vart utfordra for første gang mot postdirektivet. Vi har hatt politisk mot til å stå imot de sterke kreftene som stadig vil utvide EØS-avtalens virkeområde. Motstanden til datalagringsdirektivet gjekk langt inn i Høgres rekker. Likevel er det grunn til å tru at EU vil møte langt mindre motstand mot sine framlegg i ein Høgre-FrP-regjering. Det kan på sikt skade norsk sjølvråderett og folkestyre.

 

President, skule har vore eit stort tema i valkampen. I vår regjeringstid har vi fått stadig betre resultat i skulen. Det skuldast først og fremst at vi har dyktige lærarar, som gjer ei god jobb for elevane. Vi har auka omfanget av etterutdanning, og vi har styrka kvalitet i lærarutdanninga. Læraren er sjefen i klasserommet. I tillegg til gode lærarar, må vi ha ei bredde i undervisninga som utfordrar både dei flinkaste teoretikarane, og dei som er flinkast i praktiske fag. Samfunnet treng både teoretikaren og praktikaren. Difor må vi ha gode fagutdanningar, parallelt med at vi styrkar dei teoretiske utdanningane.

 

 Aktiv og bærekraftig bruk av naturen nøkkelen

President, Senterpartiet gjekk til val på å ta heile Noreg i bruk.  Vi vil levere jorda og Noreg vidare til neste generasjon i minst like god stand som ho var då vi sjølv overtok.  Landet og samfunnet vi kjenner i dag, er skapt gjennom bruk av naturen.  Aktiv og bærekraftig bruk av naturen er nøkkelen til å gje våre etterkomare dei same moglegheitene som vi har fått sjølv.