Meny
Bli medlem

Stor seier til frivilighetspartiet Sp: Auka momskompensasjon til frivillige lag!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Regjeringa foreslår ein auke på nærare 252 mill. kroner til momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar i 2014. Den samla løyvinga vil med dette vera 1,2 mrd. kroner, fortel stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide.

 

Regjeringa foreslår ein auke på nærare 252 mill. kroner til momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar i 2014. Den samla løyvinga vil med dette vera 1,2 mrd. kroner. 

Regjeringa innfrir løftet om at den nye ordninga for momskompensasjon til frivillige organisasjonar som trådte i kraft 1. januar 2010 skal trappast opp med 1 mrd. kroner fram til 2014. 

 Regjeringas satsing på momskompensasjon til frivillige organisasjonar er den største satsninga på friviljug sektor over statsbudsjettet nokonsinne.

 Ordninga når ut til heile frivilligheten og er enkel og ubyråkratisk. Det er ingen krav til rapportering på bruk av midlane.

 Senterpartiet ønskjer ein framleis stor og mangfaldig frivillig sektor. Store delar av kultur- og organisasjonslivet blir bore av innsatsen til frivillige. Frivillig sektor utfyller offentleg aktivitet og hindrar at kommersielle interesser overtek idrett og kultur.

 Byråkratisering er ei utfordring for frivillig sektor. Senterpartiet ønskjer at frivillig sektor skal kunne halde seg til enkle søknadsprosedyrar og rapporteringssystem.