Meny
Bli medlem

Store utfordringar i Bø !

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det går nå mot kommuneval. 8 parti stiller liste i Bø. Dersom du studerar partiprogramma, vil det truleg slå deg at skilnadene mellom partia ikkje synes å vere store og at det er semje om mykje. Alle er einige om at det er ei god utvikling i kommunen, men at kommuneøkonomien må i balanse. Likevel er det ikkje uviktig kven som blir valde inn i det nye kommunestyret. Det er store utfordringar i Bø:

 

Kommunereforma

Vi må akseptere at kommunegrensene er til revisjon og at det er nødvendig med samarbeid over dei  kommunegrensene vi har i dag. Senterpartiet legg vekt på at endringane skal baserast på brei folkeleg forankring ved folkeavstemming.  Ingen bør tvingast  til samarbeid med Bø! Vi må heller ikkje gløyme at Bø ikkje bare skal få, men må gje i denne situasjonen. Nye funksjonar kan bli lagt til Bø, men vi må og være innstilte på at viktige funksjonar blir lagt til grannekommunane.

Stram kommuneøkonomi

I lengda kan ein ikkje bruke pengar som ein ikkje har. Det er lett å sjå at dei grep som Bø kommune har gjort for å få balanse i økonomien i siste valperiode ikkje har vore tilstrekkelege,  og det er lett å sjå at lovnader som vart gitt for 4 år sidan ikkje er haldne.  Smertefulle grep må nå takast for å hindre at Bø mister handlefridom  og  moglegheiter til utvikling i framtida. Det gamle ordtaket om at det er dyrt å være fattig gjeld framleis! I en valkamp er det lett å love, det ser ein lett i gamle valkampbrosjyrar. Senterpartiet vil ta dei belastningane som prioriteringar innanfor den stramme kommuneøkonomien krev. 

Moglegheiter?

Senterpartiet meiner at ein trass  i stram kommuneøkonomi   kan legge til rette for: 

  • at Bø blir ein del av ein større kommune /samarbeider med andre kommunar på ein måte som gir grunnlag for ei harmonisk og god utvikling i Midt-Telemark

  • at Bø skal bli ein klimavennleg kommune

  • næringsutvikling der Bø har fortrinn

  • < >

    frivillig innsats retta mot m.a. barn, eldre og miljø

Difor:

Det er vel og bra med politikarar som vil ”alt godt” for Bø og som vil gje til mange gode formål. Dei beste politikarane for Bø nå er dei som evner å ta dei vanskelege økonomiske prioriteringane og som er pro-aktive for å skape grøn vekst og godt samarbeidsklima med våre grannar.

Stem Senterpartiet denne gongen!

 

Einar Fagerås

4.kandidat Bø senterparti