Meny
Bli medlem

Sulten...?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Bø Senterparti meiner det er viktig å tilpasse produkter, merking og/eller emballasje slik at vi som forbrukarar kastar mindre. Ikkje alle veit at «siste forbruksdato» relaterer seg til mattrygghet, mens «best før» handler om kvaliteten på maten. Det betyr at denne maten ofte kan etas etter «best før» datoen, lukt og smak vil avgjera det. Vi oppfordrar alle til å være meir medvitne i sine valg. Kanskje kan du kjøpe nokre produkt direkte fra produsent? Kanskje du kan velge eit produkt som snart «går ut på dato» dersom du uansett skal ete det snart? Bø Senterparti ynskjer å sette fokus på dette viktige temaet og vil ta kontakt mot handelsnæringa lokalt for om muleg å bidra til ordningar som gjer det enklare for oss forbrukarar og bidra til mindre sløsing av mat. Vær med på å støtte Bø Senterparti i dette viktige arbeidet.

 

 

Ja kven har ikkje kjent på det å være sulten. Og det er vondt å vera sulten dersom ein ikkje har nok mat. Men, er dette ei problemstilling for oss?

Vi i den vestlege delen av verden tar tilgang på mat for gitt, og behandlar mange gonger mat på ein uetisk måte. Anslag gjort for FNs mat- og landbruksorganisasjon visar at grovt ein tredjedel av all mat som produserast i verden, vert øydelagt eller kasta. I Norge kaster vi nesten 300 000 tonn med mat, eller 50 kilo per person, kvart år. Så mye som kvar fjerde handlepose med mat går i søpla. Samstundes svelt store delar av verdas befolkning.

Ser vi verda samla aukar behovet for mat sterkt, og endringar i klima kan gje store utfordringar for matproduksjonen i framtida. Eit kvart land har plikter når det gjeld matproduksjon og sjølvforsyning til eige folk. Stortinget har i gjeldande landbruksmelding vedtatt ambisiøse målsetjingar for den landbaserte matproduksjon i Norge. Målet er at den skal auke med 20 % dei neste 20 åra, noko som er ei auke i takt med befolkningsauken.

Allereie i dag er sjølvforsyningsgraden på eit bekymringsfullt lågt nivå. For Senterpartiet handler landbrukspolitikk om den evne landet skal ha for å forsyne eige folk med mat som vi har naturgjevne føresetnader for å produsere, og mat som er trygg å ete. Etter vårt syn er dette ei plikt ovanfor eige folk, men og ovanfor folk i andre land. Norge skal ikkje basere sin matforsyning på andre lands areal. Det er ei sårbar løysing og ei uetisk handling.

Derfor må vi ta vare på den dyrkbare jorda vi har og ha bønder som gjev oss nok og trygg mat basera på ein forutsigbar landbrukspolitikk med fokus på bærekraftige rammevilkår, dyre- og planteetikk og klima. La oss difor sammen bidra til produksjon av Norsk Mat, det skylder vi framtidige generasjonar.

Ei uetiske håndtering av mat kan vi som forbrukarar gjera noko med. Ei gulrot må ikkje vera heilt rett for å smake godt, og dersom det står «best før» på produkta kan dei også etas etter denne datoen. Mange av oss opplever at mjølka varar lenger enn det som står på kartongen.

Derfor meiner Bø Senterparti at det er viktig å tilpasse produkter, merking og/eller emballasje slik at vi som forbrukarar kastar mindre. Ikkje alle veit at «siste forbruksdato» relaterer seg til mattrygghet, mens «best før» handler om kvaliteten på maten. Det betyr at denne maten ofte kan etas etter «best før» datoen, lukt og smak vil avgjera det.

Vi oppfordrar alle til å være meir medvitne i sine valg. Kanskje kan du kjøpe nokre produkt direkte fra produsent? Kanskje du kan velge eit produkt som snart «går ut på dato» dersom du uansett skal ete det snart?

Bø Senterparti ynskjer å sette fokus på dette viktige temaet og vil ta kontakt mot handelsnæringa lokalt for om muleg å bidra til ordningar som gjer det enklare for oss forbrukarar og bidra til mindre sløsing av mat. Vær med på å støtte Bø Senterparti i dette viktige arbeidet. Bidra på din måte - gjer eit godt valg til hausten – Stem Bø Senterparti!

Borgar Kaasa

1.kandidat .

 

Bø Senterparti