Navarsete meiner at både utviklinga dei siste åra og rapporten frå forsvarssjefen sitt fagmilitære råd tydeleg syner at det er naudsynt med ei tydeleg opprusting av Forsvaret.
- Gjennom utviklinga dei siste åra har me sett at sikkerheitsbiletet kan endre seg raskt. Utan eit styrka Forsvar står me ovanfor ei fårleg svekking av vår nasjonale forsvarsevne. Noregs eksistens er avheng alt i alt av at me har truverde til å forsvare og handheve suverenitet over vårt eige land sitt territorium, fortel Navarsete.
Navarsete er spesielt uroa over svekkinga av Heimevernet.
- Skal me evne å forsvare heile landet vårt må det bu folk over heile landet med kompetanse til å forsvare det. Alle har krav på same grad av tryggleik, uansett kor dei bur i landet. Det er difor heilt utelukka å svekke Heimevernet på ein slik måte, slår Navarsete fast.
Navarsete ynskjer ei tydeleg styrking av Heimevernet, og meiner at talet soldatar i Heimevernet må oppretthaldast på minst same nivå som i dag, samstundes som soldatane får trene årleg.
- Sjølv om 7 av 10 soldatar i Forsvaret sin operative struktur i dag er ein del av Heimevernet, utgjer Heimevernet sitt budsjett kun om lag 3 % av forsvarsbudsjettet. Det er vanskeleg å finne budsjettpostar som gir meir tryggleikt og forsvarsevne per kroner enn budsjettet til Heimevernet. Senterpartiet vil ikkje kutte, men tvert i mot auke ressursane til øving og trening av Heimevernet, avsluttar Navarsete.