Meny
Bli medlem

Svekka tilbod for valdsoffer

Sist endret: 27.09.2020
Medan FrP var i opposisjon, var omsorg for voldsoffer ei viktig kampsak for dei. Men regjeringspartia FrP og Høgre går no inn for å kutte 25 millionar kroner til Kontoret for voldsoffererstatning (KFV) innan 2016. Regjeringa bør ta omsyn til valdsofra og snu i denne saka, skriv Jenny Klinge.

Av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet

 

I kjølvatnet av tragedien 22. juli 2011 ga Stortinget ei ekstraløyving slik at KFV skulle kunne handtere den auka saksmengda. Den raud-grøne regjeringa såg at det var behov for å gjenta løyvinga også dei to påfølgjande åra. I løpet av denne tida såg vi at kontoret fekk fleire tilsette, det vart meir effektivt og saksbehandlingstida gjekk ned også for andre valdsoffersaker. Effekten av meir pengar var openbar, og dette kom mange valdsutsette enkeltmenneske til gode. 

Nå ønskjer regjeringa å fjerne desse midlane. Problemet er at mengda med valdsoffersaker stadig aukar. Kontoret for voldsoffererstatning har meldt om at dei må halvere talet på saksbehandlarar dersom kutta blir gjennomførte.  

Menneske som har vorte utsette for vald og overgrep er allereie i ein vanskeleg situasjon. Dei skal sleppe å møte eit system som ikkje har kapasitet til å behandle sakene innan rimeleg tid. Viss FrP skal vera truverdig når dei talar for betre hjelp til valdsoffer, kan dei ikkje gå inn for store kutt i det tilbodet til valdsoffer vi allereie har fått på plass.