Meny
Bli medlem

Sykehus er viktig for folk

Sist endret: 27.09.2020
Kjersti Toppes appell på demonstrasjonen for lokalsykehusene utenfor Stortinget 12. august Norge er eit langstrakt land. Verdiar skapast over heile landet. Eit trygt og desentralisert sjukehustilbod er viktig for folk, der dei bur. Sjukehus skal gi tryggheit for liv og helse, for alle. Sjukehus er eit offentleg ansvar. Sjukehus er politikk.

I går sto lokalsjukehusa på Vestlandet igjen i beredskap etter bussbrannen i Gudvangatunnelen. I går var det nettopp Voss sjukehus vi måtte lite på. Lokalsjukehuset som i følgje Høie og ekspertane her i Oslo har får lite befolkningsgrunnlag for å ha kirurgisk beredskap. Det er ikkje sant. Sjølvsagt skal Voss ha kirurgisk akuttberedskap.

For vel eitt år sidan sto statsråd Høie her framfor stortinget og tok ansvaret for nedlegging av Rjukan sjukehus. Men vi har meir i vente. Høgre ,Høie og fagfolka i departement og direktorat, ynskjer å sentralisere meir. Flekkefjord,Odda,Kongsvinger, Narvik,Levanger,Namsos og andre står i fare.
Men Høie nektar å definere kva eit sjukehus må innehalde. Når vi seier kirurgisk og medisinsk akuttberedskap, anestesi, røntgen ,laboratorium og fødeavdeling, så svarer dei nærsjukehus, dagsjukehus, clustersjukehus og diagnosesjukehus. Nytalen har ingen grenser. Helseføretaka får frie tøyler. 
Helseministeren vil styrke sjukehustilbodet ved å fjerne kirurgar frå vaktrommet. Men vi får ikkje bedrekvalitet ved å svekke kompetansen. 2 av 3 sjukehuspasientar blir i dag behandla på lokalsjukehusnivå.  Det vanlige er det vanlige, også i medisin. For å sikre sjukehus med kvalitet - som rekrutterer fagfolk-treng vi sjukehus med breiddekompetanse. 
 
Dagens helseføretakslov blei innført nærmast ved eit kupp i 2001 av Ap, FrP og Høgre.Helseføretaksmodellen har ført til sentralisering, auka byråkrati, privatisering, mindre folkevalgt styring og ein  fryktkultur med uformell styring i det skjulte. Sånn kan vi ikkje ha det. Helseforetakslova må skrotast, og erstattast med ei helseforvaltningslov med folkevald styring av sjukehustilbodet. 
 
Alle som er oppteken av organisasjon, kultur og leiing veit at stadleg leiing er avgjerande for å skape kvalitet og begeistring i flokken. Når sjukehus får lokal leiing, blir det langt vanskeligare for statsråden å ribbe sjukehusa for viktige funksjonar som gir befolkningentryggheit. Derfor; vi må reise kravet om stadleg leiing ved alle sjukehus. 
 

Senterpartiet skal sloss for offentlege, fullverdige sjukehus med kirurgisk akuttberedskap. Vi skal sloss for stadleg leiing ved alle sjukehus. Vi skal sloss for ein legespesialisering som er tilpassa vårt land sitt behov, ikkje det motsette. Og vi skal sloss for ein ny sjukehuspolitikk , som skapar arbeidsro og forutsigbarhet ,der tillitt erstatter dagens demonstrasjonstog og fryktkultur.