Meny
Bli medlem

Takk for maten

Sist endret: 27.09.2020
Norsk landbruk og mat er fantastisk. Norske bønder produserer rein og trygg mat over heile landet. Eit mangfald av små og store bruk gjer dette mogleg, skriv Geir Pollestad.

 

 

- av Geir Pollestad, landbrukspolitisk talsmann i Senterpartiet

 

Det er bonden som gjer oss mat. Det er bonden som står grytidleg opp om morgonen for å gå i fjoset og stelle dyra. Det er difor trist at regjeringa meiner det er greitt at bonden har ei inntektsutvikling som er svakere enn andre grupper. Det var det som vart resultatet av årets jordbruksoppgjer.

 

Stadig fleire er opptekne av at me skal produsere mat med lite bruk av sprøytemidler og medikamenter. Folk er opptekne av at dyra skal ha det godt. Norsk matproduksjon er langt framme på alle desse områda. Skal me framover produsera meir av verdas beste mat må me satse på jordbruket og gje bonden ei inntekt til å leve av.

 

No skal stortinget handsame jordbruksoppgjeret. Senterpartiet sitt mål er å få med fleirtalet på Stortinget på eit forpliktande opptrappingsvedtak for å gje bonden langt betre økonomi. På den måten kan me sikre at også våre barn og barnebarn kan seie: Norsk landbruk er fantastisk.