Meny
Bli medlem

- Takk til norske matprodusentar!

Sist endret: 27.09.2020
- Takk for den jobben de gjer for det norske samfunnet kvar einaste dag. Takk for at dykk legg grunnlaget for en av landets viktigaste og største verdiskapingskjeder: Maten frå jord til bord, sa Geir Pollestad (Sp), leiar av Stortingets næringskomite, i sin appell til Opptoget for norsk landbruk framfor Stortinget.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Appell heldt framfor Stortinget tirsdag 20. mai til Opptog for norsk landbruk

- av Geir Pollestad, stortingsrepresentant Senterpartiet i Rogaland og leiar av Stortingets næringskomite

 

Kjære norske matprodusentar!

 

Takk for den jobben de gjer for det norske samfunnet kvar einaste dag.

Takk for at dykk legg grunnlaget for en av landets viktigaste og største verdiskapingskjeder:

Maten frå jord til bord.

- Ei næring som skaper verdiar for milliardar

- Ei næring som gir arbeid til over 100 000 menneske

- Ei næring som skaper det Norge vi er så glade i

Takk for jobben dykk gjer.

 

Høgre/Frp-regjeringa vil på fredag sende sitt tilbod over til Stortinget.

- Eit tilbod som kutter ein kvart milliard kroner.

- Eit tilbod som aukar skilnadane mellom bønder og andre grupper

- Eit tilbod med ein ideologisk drevet endring av landbruket

- Eit tilbod som ikkje tek omsyn til at all matproduksjon har sitt utspring i bruk av jorda.

Det er i sanninga eit skammeleg tilbod Høgre og Frp har kome med.

 

Kva kan stortinget gjere?

Det enkle svaret er: Stortinget står heilt fritt til korleis dei no vil handsame tilbodet. Det er fleirtalet som no avgjer kva politikk me får.

Mitt klare syn er at landbrukspolitikken skal forankrast i fleirtalet på Stortinget.  Forhandlingsinstittutet er ei ordning for å bygge opp norsk landbruk - ikkje eit reiskap for å rive landbruket ned mot fleirtalet si vilje.

Me i Næringskomiteen skal avhalde høyring i saka - kva er vitsen med høyring om ein ikkje har tenkt å høyre?

 

Frp/Høgre regjeringa har svikta sitt ansvar - no må me på stortinget ta ansvar.

- Senterpartiet vil slåss for å auke norsk matproduksjon på norske ressursar.

- Senterpartiet vil ha eit levande landbruk i heile landet.

- Senterpartiet vil ha et landbruk med store og små bruk.

- Senterpartiet vil ha et landbruk som tar utgangspunkt i norske forhold. 

Verdien av eit blautkokt salmonellafritt egg kan ikkje målast i pengar.

 

Landbruksministeren sa på NRK tidligare i dag at hun vil komme tilbake til tilbodet etter stortingets behandling. Det er feil landbruksminister! Når saken er sendt til stortinget er det stortinget, ikkje regjeringa, som bestemmer.

Nå er det opp til Senterpartiet, Venstre, Sv, Arbeiderpartiet og KrF om me går for den politikken vi vil ha eller den politikken som mindretalet i H og Frp vil ha.

 

Takk for at dykk tek kampen for norsk matproduksjon. Me skal stå på for at de vinn fram.