Meny
Bli medlem

Telemark Senterparti vil ha ein dato for raske tog til Telemark - møter Navarsete om IC idag"

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide møter i dag Senterpartileiar Liv Signe Navarsete for å diskutere utbygginga av InterCitytriangelet.

- For Telemark Sp er det viktigaste at vi bygger ut heile triangelet til Skien, Lillehammer og Halden. Vi må bygge skikkeleg,  for minimum 250 km/t, og Nasjonal Transportplan må setje ein sluttdato for når utbygginga skal vere ferdig.  Eg vil heller at vi bruker nokre få år ekstra enn å byggje billigast mogleg, seier stortingskandidat Dahl Eide.

 

 - Det er gledeleg at Eidangerparsellen no er under bygging, men Telemark Sp har store ambisjonar vidare for jernbanen i heile Telemark. I Grenland må dobbeltsporet til Skien på plass, ny stasjon i Porsgrunn byggjast og planlegginga av Grenlandsbanen raskt kome vidare, fastslår Dahl Eide.

 

- Utbygging av InterCity er den viktigaste jernbanesatsinga på mange tiår, og vi i Senterpartiet er utålmodige etter å få den på plass. Eg er oppteken av at vi er framtidsretta og bruker milliardane riktig, avsluttar Dahl Eide