Meny
Bli medlem

Telemark SP stør lokalisering av luftambulanse i Vinje.

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Telemark SP er særs glad for at Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget samrøystes har peika på Telemark som lokalisering av ny base for luftambulanse. Dette har vore ei viktig sak for innbyggjarane i Telemark og ei sak Telemark SP har arbeidd mykje med. Ein er særs nøgd med det arbeidet som Senterpartiet og Kjersti Toppe har lagt ned i komiteen. Senterpartiet i Helse- og omsorgskomiteen stør ein ny base lokalisert til Åmot i Telemark.

 

 Denne vil dekkje store områder i Telemark, Rogaland, Aust Agder og Hordaland som i dag ikkje har ei tilfredsstillande responstid for luftambulanse. Likebehandling av innbyggjarar i dette landet uavhengig av kvar ein bur er grunnleggjande for Senterpartiet.

Saka skal til Stortinget som eige sak. Telemark SP er utolmodige og håper at det skjer raskt slik at luftambulansen i Telemark kan etablerast.

Telemark Senterparti ber heile Telemark stø lokalisering av luftambulanse i Vinje. På den måten kan vi sette fullt trykk for å få ei endeleg avgjersle og naudsynte løyvingar.