Den tidlegare statsråden stadfaster overfor Varden at han gav beskjed til nominasjonskomiteen for kort tid sidan. Telemark Sp held nominasjonsmøte på Sandvin i Bø alt måndag 28. april, og er dermed fyrst ute av partia i Telemark.
Urette meir
Fylkesordføraren legg ikkje skjul på at han har lyst til å utrette meir, om veljarane gjev han ny tillit for ein ny periode.
-Du likar jobben?
- Det har vore ei samanhengande positiv oppleving. Det er ikkje lett å matche ein statsrådjobb. Utanfor regjering, styrer ein ikkje lenger landet, men Telemark, seier Riis-Johansen, som ser på dette som viktig for ein telemarking.
Nye arbeidsplassar
- Kva ser du som viktigaste oppgåva neste periode?
- Etter å ha landa store samferdselsprosjekt, må me ha fokus framover på å skape arbeidsplassar. Målet er å skape entusiasme og gjere Telemark meir attraktive, svarar Terje Riis-Johansen.
- Og da gjeld ikkje berre jobbar i Grenland?
- Ved siste val var mottoet å ta heile Telemark i bruk. Eg ønskjer å utvikle heile fylket, og utnytte dei ressursane som me rår over, seier fylkesordføraren.