Meny
Bli medlem

Ti gode grunnar til å stemme Sp!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Her har du ti gode grunnar til å stemme Senterpartiet!!

 

 

1.Auke i norsk matproduksjon i ein verden med svolt.

Senterpartiet vil auke norsk matproduksjon med 20% i løpet av dei neste 20åra. Me vil leggje til rette for matproduksjon i heile landet og gi matjorda eit sterkare lovmessig vern. Me vil gi bonden betre betalt og utjamne inntektsforskjellen mellom jord-bruket og andre grupper. Me vil svekke dagligvare-kjedene si makt til fordel for forbrukarar og matprodusentar.

 

2. Langsiktig forvaltning – meir fornybar energi.

Senterpartiet vil ta vare på naturressursane, det biologiske mangfaldet og ulike naturtyper gjennom bærekraftig bruk, med stor grad av lokal medverknad og ansvar. Me vil sikre ei satsing på vass-  og vindkraft, bioenergi, biodrivstoff og anna fornybar energi, og fase ut oljekjelar innan 2020.

 

3. Betre  samferdsel – der du bur

Senterpartiet vil ta eit nytt stort samferdselsløft for å sikre trygg og effektiv transport av folk og varer. Me vil prioritere opprusting av riks- og stamvegane, ha ei kraftig satsing på bedre og tryggere fylkesveier, byggje moderne intercity-jernbane rundt dei store byane og styrke rutetilbodet på distriktsflyplassane.

 

4. Breiband i hele landet

Senterpartiet vil sikre  at heile  landet skal ha full-verdig mobildekning og høghastighets nett til internett. Slik vil me gjere det mogleg for folk å bu og arbeide der dei vil.

 

5. Nær og trygg eldreomsorg

Senterpartiet vil auke tilskota for å tilpasse bustader, slik at fleire kan bu heime så lenge dei ynskjer. Me vil styrke og forenkle ordninga med omsorgs-lønn, og gjøre den tilgjengeleg for fleire pårørande. Me vil fase inn ei ordning som gjev deg samme rett til fri med lønn når ei gamal mor eller far brekk lår-halsen som når toåringen har omgangssjuke.

 

6. Fleire  lærarar er viktigare enn heildagsskule.

Senterpartiet vil styrke kvaliteten på undervisninga framfor å utvide skuledagen. Me vil ikkje innføre karaktersr barneskulen.  Ungdomsskulen må fortsatt bli meir praktisk og relevant for arbeidslivet.

 

7. Trygghet i hverdagen

Senterpartiet vil ha eit lokalt politi, som har god kunnskap om lokalsamfunnet og som kan jobbe forebyggjande i samarbeid med andre. Me vil styrke den lokale akutt- og fødeberedskapen gjennom legevakt, ambulansetenester og lokalsjukehus.

 

8. Skatt, avgift og sparing

Senterpartiet vil auke botnfrådraget i formuesskatten endå meir, auke fribeløpet i arveavgifta og heve grensa for bustadspring for ungdom til 50 000 kroner i året og 500 000 kroner totalt.

 

9. Nei til tvangssamanslåing av kommuner Norge er eit variert land. Me har lyktes i å bevare busetting i alle deler av landet. Dette, sammen med geografisk variasjon, gjer at det er rett å behalde eit  mangfald i kommunestrukturen. Både dei største og dei minste kommunane har etter vårt syn livets rett.

 

10. Garantist for sjølvstende og nasjonal råderett Senterpartiet er garantisten mot EU-medlemskap, og jobber for å melde Norge ut av Schengen-avtalen og erstatte EØS-avtalen med frihandelsavtaler.

 

10 GODE GRUNNER TIL Å STEMME SENTERPARTIET