Meny
Bli medlem

Til Brussel for å berga regionalstøtta

Sist endret: 27.09.2020
Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er vårt viktigaste distriktspolitiske verkemiddel. I 2013 vart det sett av 13 mrd til ordninga i 256 kommunar. - Eg er bekymra for at store nærings-verdiar i Distrikts-Noreg går tapt dersom me ikkje kan oppretthalde ei låg arbeidsgjevaravgift i desse områda, seier Navarsete.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er i dag i møte med ESAs president Oda Sletnes om reglane for regionalstøtte. ESA skal vedta nye reglar for regionalstøtte som skal gjelde frå 2014.

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er vårt viktigaste distriktspolitiske verkemiddel. I 2013 vart det sett av 13 milliardar kroner til ordninga i 256 kommunar.

I sumar gjorde Kommisjonen eit vedtak som har skapt uvisse rundt kva delar av Noreg som i framtida skal ha lågare arbeidsgjevaravgift. I verste fall kan vedtaket tolkast slik at kommunar i Midt-Noreg og Vestlandet fell utanfor ordninga. Fleire fylkeskommunar og kommunar har den siste tida kontakta KRD på grunn av uro for kva som kan skje.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete avbraut difor i dag valkampen og drog til  Brussel for å gje eit tydeleg politisk signal om kor viktig dette tiltaket er for bedrifter og arbeidsplassar i Distrikts-Noreg.

- Eg er bekymra for at store næringsverdiar i Distrikts-Noreg går tapt dersom me ikkje kan oppretthalde ei låg arbeidsgjevaravgift i desse områda. Noreg treng handlingsrom til å avgjere kva kommunar som kjem inn under ordninga. Me har difor gitt konkrete innspel til endringar for å sikre at me framleis kan gje slik støtte til dei områda som treng det mest. For Noreg er det viktig at me kan handsame kommunar med dei same utfordringane likt, seier statsråden.