Meny
Bli medlem

Til kamp mot sentralisering

Sist endret: 27.09.2020
I helgen åpner Senterpartiet valgkampen under Arendalsuka, og lørdag formiddag holdt Liv Signe Navarsete sin tale til partiet. Under talen lanserte Sp-lederen «Liv Signes lille grønne», der hun manet til kamp for distriktene.
  •  Her finn de fakta, argumentasjon og tips for korleis me kan løfta kampen for distrikta no i valkampen. Me skal mobilisera tungt i dei hundrevis av kommunane som kan bli nedlagde. Ordførarar og lokallagsleiarar skal aksjonera i dei 373 kommunane som Høgre vil ta pengar frå, sa Navarsete.

 

I sin tale under under valgkampåpningen valgte partilederen å legge vekt på at årets valg vil bli et skjebnevalg for distriktene.

  • Med Senterpartiet i regjering har kommunane i snitt tilsett 10 300 pleiarar, lærarar og andre folk kvart år. Under Erna Solberg var det årlege ordføraraksjonar mot regjeringa si svelteforing. Høgreordførarar deltok i opprøra. Faktisk har kommunane i vår tid tilsett fleire nye kvart år, enn i heile Erna sin fireårsperiode samla, sa Navarsete..

 

  • For første gong sidan 1995 står opposisjonen samla om å bruke tvang for å presse gjennom ei massiv nedlegging av småkommunar. I sin kamp mot småkommunane dyrkar Høgre og Frp ei rekkje myter. Me skal møta dei med kunnskap. Valet er tydeleg. Der andre vil slå saman med tvang, vil me dyrka lokal handlefridom, fortsatte hun.

 

Videre valgte Navarsete å trekke frem viktigheten av å satse på distriktene, og hvilke konsekvenser et regjeringsskifte vil få for alle de som bor utenfor de store byene. Tvangssammenslåing av kommuner, kutt i de frie midlene til kommunene, kutt i pressestøtten, usikkerhet rundt samferdselsutbyggingen og redusert matproduksjon var eksempler Navarsete trakk frem i talen.

 

  • Opposisjonen har teke til orde for å fjerne formuesskatten. I dag får norske kommunar meir enn 8 mrd kroner frå denne skatten. Ingen i Høgre har klart å peike på korleis dei skulle kompensert for eit slikt bortfall av milliardverdiar. 8 mrd er ikkje småpengar! For det kan me drive 8 800 institusjonsplassar, eller lønne 12 800 lærarar, fortsatte Navarsete.

 

Partilederen fortsatte med å poengtere hvilke konsekvenser en ny regjering vil ha for de lokale mediene landet rundt.

 

  • Det var me og Borten-regjeringa som innførde pressestøtta. Lokalavisene har ein spesiell plass. Dei er viktige arenaer for lokal meiningsbryting. Men dei bygger også sterke, lokale fellesskap. Dei er vår tids møteplass, gjev identitet og tilhøyre. Høgre og Frp vil kutta tungt i pressestøtta, på sikt vil Frp avvikla heile ordninga, advarte Navarsete.

 

Videre partilederen ikke nådeløs når hun omtalte opposisjonens planer for samferdselssektoren. Navarsete vektla den store uenigheten blant opposisjonspartiene, og hvordan denne uenigheten kan komme til å true mange store veiprosjekter.

  • Me har i NTP lagt fram ei konkret oppskrift for korleis me skal byggja dei ulike prosjekta, og korleis dei skal finansierast. Kontrasten er stor til Frp og Høgre. Dei er grunnleggande ueinige om korleis dei skal skaffe pengar til samferdsla. Me har gått gjennom Nasjonal Transportplan og sett på forslaga til Høgre og Frp. Da finn me at Høgre og Frp fortsatt er rykande ueinige om korleis dei skal finansiera heile 56 nye, store vegprosjekt. Valet er tydeleg - ein kan satsa på dei som ikkje har ein plan. Eller ein kan gje sin lit til oss, som sikrar meir veg, betre bane og breiare breiband i heile landet, slo partilederen fast.

 

Det var en offensiv partileder som åpnet valgkampen i Arendal. Navarsete avsluttet med å kritisere Høyre og FrPs landbrukspolitikk.

 

  • Valet er ein kamp om norsk mat og kva landbruk me skal ha i Noreg. Høgre og Frp angrip pilarane i jordbrukspolitikken. Prosenttollen skal fjernast og tollvernet byggast ned. Samvirket si rolle skal svekkast. Jordbruksforhandlingane skal flyttast til hausten og knytast opp til den ordinære budsjettprosessen. Og på toppen av dette kuttar dei milliardbeløp i tilskot til jordbruket i sine alternative budsjett. Valet er tydeleg - der nokre vil skapa eit industrijordbruk etter utanlandsk mønster, vil me sikra produksjon av god, rein og trygg lokal mat i heile landet, uttalte Navarsete.