Meny
Bli medlem

Tokke og ein Vest-Telemarkkommune?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Tysdag 24. februar skal Tokke kommunestyre handsame saka om Tokke kommune ynskjer å bli med på eit forprosjekt for ein Vest-Telemark kommune. Rådmannen har innstilt på at Tokke kommune bør seia ja. Fylkesmann Kari Nordheim Larsen har for nokre veker sidan sagt at kommunane ikkje bør gjere forprosjekt på samanslåingsprosjekt som er lite realistiske. Det krev mykje administrative ressursar å delta på eit forprosjekt.

 

1. Monsterkommune

Kommunen, med alle 6 Vest-Telemarkkommunane, blir Noregs nest største etter Kautokeino i Finnmark. Vest-Telemark kommunen vil vera større en Vestfold, Oslo og Akershus til saman, med andre ord ein monsterkommune.

 

Frå Vågslid i Vinje til Felle i Nissedal er det rekna 2 timar og 54 minutts køyretid jf. Google Kart. Frå Drivarbekkdalen i Øyfjell i Vinje til Oslo sentrum er det rekna med ei køyretid 2 timar og 58 minutt. Det seier litt om avstandane i ein Vest-Telemarkkommune.

 

2.Små kommuner  gjev gode tenester

Forsking og undersøkingar viser at folk i små kommunar, dvs. med under 5000 innbyggarar, er meir fornøgde med skule, barnehage, helse- og omsorgstenester enn innbyggjarar i større kommunar.  Dei gode resultata heng saman med ein nærleik til dei som styrer og administrerer kommunen.

 

3.Små kommmunar gjev godt folkestyre

Undersøkingar frå tidlegare kommunesamanslåingar viser at interessa blant innbyggarar for å ta på seg politiske verv blir redusert. Også interessa for å fremje sine synspunkt gjennom andre kanalar blir redusert. Med andre ord, små kommunar sørger for eit meir levande folkestyre/demokrati enn ein stor kommune.

 

4.Bø og Notodden har/vil ha kortare veg til Seljord enn Dalen

På sikt vil administrasjonen i ein Vest-Telemark kommune bli lokalisert på ein stad, til dømes i Seljord eller Kviteseid. Kommuneadministrasjonen vil  vera ein stor og viktig arbeidsplass. Frå Dalen til Seljord er det 51 km og tek 52 minutt å køyre jf. Google Kart. Frå Bø til Seljord er det ca. 30 km og tek 28 minutt å køyre. Frå Ulefoss til Seljord er det ca. 52 km og 51 minutt å køyre. Når Mælefjelltunnelen på E-134 er ferdig vil det vera ca. 50 km frå Notodden til Seljord og ta ca. 48 minutt år køyre.

 

Det er difor grunn til å tru at få folk frå Tokke vil arbeide i administrasjonen i ein ny Vest-Telemark kommune, fordi det er for langt å køyre. I tillegg vil det vere omlag 25 000 innbyggarar frå Midt- og Aust-Telemark som har kortare reisetid til Seljord enn frå Dalen til Seljord. Desse vil konkurrere om dei same jobbane.  Verknaden er at ein Vest-Telemark kommune lokalisert i Seljord  vil medføre få arbeidsplassar for folk frå Dalen, og i endå mindre grad frå Skafså/Åmdals Verk og Mo/Byrte. Det same vil gjelde for lokalisering i Kviteseid, men i litt mindre grad.

 

5.Fagforbundet i Tokke – meir privatisering

Fagforbundet i Tokke viser til at ein stor kommune vil legge til rette for auka privatisering av tenester. Dette er ein viktig grunn til at NHO er sterk tilhengar av kommunesamanslåing, fordi deira medlemmer vil få auka oppdragsmengde.

 

6.EU

I EU har ein gjennomsnittleg kommune ca. 5500 innbyggare, medan i Noreg i dag har vi over 11 000. I EU har ein snittkommune ein storleik på omlag 50 km2 medan dei i Noreg i dag har over 700 km2. Med andre ord er norske kommunar i dag alt monaleg større enn kva som det er i EU.

 

7.Vinje og Fyresdal

Vinje kommunestyre har sagt nei til ein Vest-Telemarkkommune. Fyresdal kommune vil truleg også seia nei til ein Vest-Telemark kommune den 26. februar.

Tokke har mykje samarbeid og pendling mot Vinje, men og mykje kontakt mot Fyresdal.

For Tokke sin del vil det vera lite naturleg å slå seg saman med Kviteseid, Seljord og Nissedal.  Tokke kommune bør evt. sjå mot Fyresdal og Vinje slik rådmannen i sin saksutgreiing også foreslår.

 

8. Interkommunalt samarbeid

Tokke vil halde fram med samarbeidet i Vest-Telemark som mellom anna gjeld barnevern og renovasjon. Tokke kommune bør og vera positiv til å sjå på samarbeid på andre område i Vest-Telemark.

 

9. Ja til gode kommunar

Tokke Senterparti vil heller ha gode kommunar enn store kommunar.

Tokke kommune bør difor ikkje bli med i eit forprosjekt om ein Vest-Telemarkkommune.

 

Jarand Felland, ordførarkandidat for Tokke Senterparti