Meny
Bli medlem

Tør me å gjeva FrP regjeringsmakt?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Som gardbrukar, kulturarbeidar og bygdebuar lurar eg fælt på konsekvensane for bygde-Noreg med FrP i regjering. Har "folk flest" tenkt over konsekvensane av eit sterkt FrP?, spør bonde og artist Aasmund Nordstoga i dette innlegget.

 

 

FrP vil halvere landbruksoverføringane, og i kulturpolitikken vil dei berre støtte det "folk" vil ha. I skule-, helse- og sosialpolitikken vil dei lata marknadskreftene rå og gje "folk" høve til å handle tenester der "folk" meiner tenestene er best. Alt her luggar det for bygdene - for kor mange institusjonar skal me ha, som skal konkurrere om oss? I byane kan hende, er publikum stort nok - men uti efsitane må me nok greie oss med ein einaste tilbydar av "eit ringare slag".

Men med distriktsfientleg politikk, så vert det ikkje noko problem - då blir her tomt for folk.

I ordskiftet om overføringar til landbruket saknar eg at nokon nemner dei immatrielle verdiane av eit mangfaldig norsk landbruk.

På den vesle garden vår brukar me i snitt fem arbeidstimar kvar einaste dag heile året. Motivasjonen er ikkje timelønn. På eit toppår utan investeringar og naudsynt vedlikehald kan eg ha ei skattbar gardsinntekt på om lag 150000 kroner.

Men gardsarbeidet gjev andre verdiar: 

·        Den vesle jordflekken eg disponerer vert halden i hevd.

·        Kulturlandskapet vert oppretthalde.

·        Eg er med på å oppretthalde busetjinga i bygda vår og er ikkje til belasting for pressa bystrøk.

·        Eg er med på å oppretthalde matvaretryggleik og beredskap.

·        Eg kan gle meg sjølv og andre med kortreist mat.

·        Eg opprettheld kunnskap om dyrehald og jordbruk.

·        Ungane mine fær kjennskap til samanhengen mellom maten på talerken og kvar den kjem frå. 

 

 

Som kulturarbeidar er eg også svært uroleg for eit sterkt FrP i regjering. Eit parti som seier at dei berre vil støtte kultur som "folk" vil ha, gjer meg fortenkt. Kva i allverda betyr det? Kven er "folk"?

Betyr det at "folk" berre er dei som som gler seg over kunstnarar med eit stort publikum, eller kan ein også vera "folk" dersom ein feller ei tåre over eit enkelt dikt i magert opplag?

Kan 10-15 sterkt gripne betalande på ein konsert vera "folk", eller må ein opp i eit visst antal før ein er "folk"? 

Skal staten støtte berre det den forstår og det den likar? 

 

Dersom FrP får gjennomslag for sin politikk med den sterkaste og største sin rett i landbruket, og den mestselgjande i kulturlivet, får me truleg ei avstumping av tanke- og åndsliv, ei einsretting i landbruket og ei utmagring av bygdene som me aldri har sett i etterkrigstidas Noreg.