Meny
Bli medlem

Trygg oppvekst i Tokke

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I Tokke har vi ein god helsestasjon som er ein svært viktig del av det kommunale tenestetilbodet vi gir innbyggarane våre. Senterpartiet vil sikre at kommunen vidarefører den gode tenesta slik at gravide, fødande, nyfødde og familiane deira får ei trygg og lokal oppfylging. Det inneber at vi vil evaluere jordmortenesta slik ho er i dag. Vi ynskjer å gi best mogleg tilbod til barnefamiliane fordi dei bidrar med den viktigaste ressursen vi har: neste generasjon. I tillegg vil vi legge til rette for at elevane får ei god helsesysterteneste på skulane. Alle born i Tokke skal få rettleiing og hjelp for å halde seg sunne både fysisk og psykisk.

 


For dei borna som treng ekstra tilrettelegging, vil vi vidareutvikle det tilbodet vi har i dag og halde fokus på tidleg innsats både i kvardagen, barnehagen og skulen.
Dette må gjerast i eit godt tverrfagleg samarbeid mellom etatane.

Tokke Senterparti
v/Birgit Johanne K. Olsnes
4.kandidat