Meny

Tryggleik for alle?

Sist endret: 16 03 2017
Nå har vi lagt bak oss nok ei påske med mange tilreisande til vårt distrikt, alle med mål om å nyte gode dagar i påskefjellet.

For at våre gjestar i Gudbrandsdalen og Oppland skal kunne nyte det gode liv når dei oppheld seg her, så er det mange ting som skal spela på lag. 

I påska så er mange av våre kommunar og turistdestinasjonar både to- og tredobla i folketal. Desse deltidsbuande, anten det er i hytte eller hotell, nyttar seg av både offentlege og private tenester som brøyting, avfall, renovasjon, helsetenester, butikkar, stutt sagt det meste av kva eit lokalsamfunn elles treng dagleg. 

Fleire og fleire nyttar seg av hyttene sine i større grad enn tidlegare. Med god breibanddekning og tilgang til å arbeide via internett frå hytta, gjer at fleire utvidar helgane sine med fleire dagar når dei fyrst er her. 

Vi har hatt ei påske der vær og føre er med å bidreg til at folk treng hjelp ved ulykker eller andre situasjonar som oppstår i skianlegg eller på fjellet. 

Takka vere friviljuge som deltek gjennom Røde Kors sine lokale lag rundt om i distriktet, saman dei profesjonelle naudetatane, politi, ambulanse, brannetat og lege, blir folk teke godt vare på når det er liv og helse som står på spel. 

Desse viktige elementa i samfunnet vårt er sett i spel om dagen, gjennom ulike reformer som nå er i gang. Senterpartiet meiner at desse ulike reformene må sjåast i samanheng når ein no er i gang med kommunereform, politireform, helse- og sjukehusplan og omorganisering av brannetaten. 

Leiarane i Politiets Fellesforbund i Gudbrandsdal og Vest-Oppland, Brede Holdbrekken og Finn Arne Hvalbye, skreiv i eit lesarbrev før påske om kva polititeneste vi kan få i framtida om politianalysen skal leggjast til grunn. Der brukte dei ei oppdikta hending som eit bilete på noko som fort kan vera ei verkeleg sak i 2018 etter ny organisering av politiet. Der politiet er siste nødetat på åstad, der volds- og ranshendingar kan skje i distriktet kor nærmaste politipatrulje kan vera over timen unna, eller er på anna oppdrag. 

Dette kan bli den verkelegheita som våre innbyggarar kan få. Men også dei deltidsbuande på hytta eller hotellet, vil møte dette om ei politireform ikkje legg vekt på tryggleik for alle uansett kvar du bur. 

Senterpartiet meiner at det må vera ei likeverdstenking som må gå som ein raud tråd gjennom dei store reformene som er på gang. Det må liggje eit klart minstekrav til responstid og tryggleik for folk kvar enn dei bur i landet vårt. 

Dette må det også takast høgde for i ny organisering av offentlege etatar. Kan hende er det fornuftig at politidistrikta i Oppland kan samlast i ein organisasjon for å styrke sentrale einingar, men i denne løysinga må også nærpolitiet vårt vera inkludert. At det vil gje oss betre tenester og tryggleik i heile Oppland. 

Dette gjeld også organisering av sjukehus- og ambulansetilbodet vårt. Eg har vore med og levert eit dokument 8-forslag i Stortinget som nettopp tek opp dette med klare definisjonar om kva slag sjukehustilbod treng vi og kva slag organisering skal vi ha for å best gje likeverd og tryggleik til alle uansett adresse. 

At vi har Røde Kors på plass i påskefjellet gjev tryggleik for påsketuristane, men også fastbuande. At vi har politiet til stades i lokalsamfunnet gjev tryggleik for alle, anten det er fastbuande eller deltidsbuande. 

Som dei tillitsvalde for politiet peikar på i politimeldinga som eit av dei viktigaste grunnprinsippa: «Politiet skal vera desentralisert. Politiet skal ha mange og spreidde tenestestader. Politiet bør vera til stades i lokalsamfunnet, anten det er i ei mindre landkommune eller bydel i ein større by. Eit desentralisert politi, vil i likskap med det sivile preg, opne for samspel mellom politi og befolkninga.» 

Senterpartiet meiner at dette prinsippet er viktig å halde fast ved, og det kan også overførast til dei andre reformene vi har på bordet om dagen også. Retten til tryggleik uansett kvar du bur må liggje fast! 

Dette er avgjerande for at vi skal ha det gode liv her, men også at vi i åra framover skal kunne invitere påskegjestene attende til vårt område for gje dei nye gode opplevingar i det flotte fylket vårt. 

 

Ivar Odnes, 1. vararepresentant til Stortinget (Sp) 

 

Denne kronikken sto på trykk i GD 23. april.