Meny

Trygve Slagsvold Vedum kjem til Gloppen og Sogndal

Partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum kjem på besøk til Sogn og Fjordane i april. Vedum skal vere i Gloppen kommune måndag 20.april og Sogndal kommune tysdag 21.april.

I Gloppen skal Vedum mellom anna vitje Tine sitt anlegg på Byrkjelo, Gloppen opplæringssenter og Firda vidaregåande skule. I tillegg vil Trygve Slagsvold Vedum måndag 20.april innleie på eit ope folkemøte på Gloppen hotell kl 19, arrangert av Gloppen Senterparti; "Framtidstru i Gloppen og Sogn og Fjordane", der temaet er næringsutvikling og vekst i Sogn og Fjordane.

På programmet i Sogndal står mellom anna gardsbesøk, bedriftsbesøk hjå Nortura og JaTak på Kaupanger i tillegg til ein temalunsj på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vidare arrangerer Sogndal Senterparti folkemøte kl. 20 tysdag 21.april med tema «Framtida til norsk matproduksjon» der Slagsvold Vedum vil innleie. Møtet finn stad på De Heibergske samlinger-Sogn Folkemuseum.

Ordførarkandidat for Gloppen Sp, Leidulf Gloppestad, og lokallagsleiar i Sogndal Sp, Ole-Mathias Nes, har følgjande å sei om besøket: -Vi har jobba med å få Trygve til våre kommunar ei god stund og er veldig glad for at han takka ja til å komme. Ein raud tråd gjennom heile besøket er landbruk og matproduksjon, som er av dei aller viktigaste næringane i både Sogndal og Gloppen. Men, like mykje gledar vi oss til å vise fram breidda i resten av det offensive næringslivet i kommunane våre samt at vi får høve til å orientere partieleiaren om andre viktige saker for oss lokalt. Vi håpar at også innbyggjarar frå nabokommunane til Sogndal og Gloppen set av litt tid desse dagane til å delta på dei opne folkemøta som lokallaga arrangerer. Dette vert to innhaldsrike dagar med mykje god senterpartipolitikk i fokus, avsluttar dei.

For meir informasjon om folkemøta, sjå www.sp.no/gloppen og www.sp.no/sogndal