Meny
Bli medlem

Udugleg ungdom? Slett ikkje!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Nokre av oss er slik laga at vi ikkje blir lei av å høyre på diskusjonane mellom politikarene i valkampen. I kveld sat eg i sofaen, såg på nrk sin reportasje «Udugelig ungdom», og hadde mange innspel i debatten som tok for seg fråfall i den vidaregåande skulen. Huitfeldt og Rød Isaksen høyrde truleg ikkje innspela mine?skriv Birgit Johanne Olsnes.

 

Det er alvorleg at elevar droppar ut – at dei ikkje får kompetanse som sikrar dei jobb seinare i livet og at dei blir gåande «å nave». Mykje godt arbeid blir gjort for å tilpasse opplæringa og for å lose elevane gjennom opplæringa. Likevel har Senterpartiet tankar om kva som kan vere med på å sikre at fleire kjem seg godt gjennom vidaregåande opplæring og blir klare for å møte arbeidslivet.


Senterpartiet vil ha tydeleg fokus på kunnskap ved dei studieførebuande linjene og større vekt på
praktiske ferdigheiter i dei yrkesretta studieretningane. Fråfallet på yrkesfagleg utdanning er for høgt, og vi trur det er fordi yrkesfaga har blitt for teoritunge og at dei dekkjer eit for bredt fagfelt. Vi meiner at elevane må bli møtt av eit system med større fleksibilitet der dei kjem raskare ut i praksis og tidleg får kjennskap til sitt eige fag. Senterpartiet ynskjer ikkje ei ny stor skulereform, men ei justering av yrkesfaga. Ei justering av yrkesfaga må føre til at dei teoretiske faga blir innretta slik at dei passar til det fagarbeidaren treng når han/ho skal utføre yrket sitt. Teori er nødvendig, men for yrkesfaga bør det vere praktisk innretta. Vi treng gode praktikarar i dette landet!
 

Som vi såg av reportasjen på tv er kan det vere mange ulike grunnar til at ikkje alle elevar er i stand til å gjennomføre eit ordinært yrkesfagløp. Fylkeskommunane må bli flinkare til å gi elevane høve til fleksible løp der ein kjem raskt ut i praksis og samtidig tar den teorien som er nødvendig for å få fagbrevet sitt. Pilotprosjektet «Fra talent til fagarbeider» viser gode resultat og ser ut til å vere ein stor suksess. Slikt vil vi ha meir av! I tillegg må vi sikre nok læreplasser for å hindre fråfall, og vi veit at det offentlege har eit stort, og aukande, behov for faglært arbeidskraft i tida som kjem. Samtidig må fylkeskommunen ha eit tett og forpliktande samarbeid med næringslivet for å sikre læreplassar for dei elevane som vel yrkesfagleg studieretning.

Sist, men ikkje minst, er det viktig at alle får eit godt tilbod om vidaregåande opplæring over heile landet. Det fører til at flest mogleg kan få eit godt utdanningstilbod og sjansen til å bu heime medan dei går på vidaregåande skule. Kombinasjonen med hybelliv og skulegang er ikkje alltid den beste for alle 16-åringar, og små skular med eit lite miljø og sjansen til å fylgje opp elevane tett, viser seg å ha mindre fråfall enn større skular.
 

Birgit Johanne K. Olsnes

Kommunestyrerep. Tokke Senterparti