Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer igjen fylkeskommunane i det distriktspolitiske verkeområdet til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring i vidaregåande skule.
Store avstandar til føraropplæring skapar utfordringar for mange unge i Distrikts-Noreg som vil ta førarkort. Unge er ei viktig målgruppe i distrikts- og regionalpolitikken.
- Målet med prosjektet er å gjere trafikkopplæring for distriktsungdom meir tilgjengeleg, meir effektiv og billigare for elevane – gjennom reduserte kostnader til transport, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Prosjektet er ei vidareføring av eit prøveprosjekt om føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skular, som gjekk i perioden 2007-2009. Då gjennomførte seks skular ulike prosjekt, som ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik og ungdomstiltak i distrikta.
- Resultata var så gode at me ynskjer å spreie desse erfaringane til fleire skular og fylke. Blant anna såg me at strykprosenten til førarprøva vart lågare, og at fråværet og kostnadene i samband med reise til køyretimar gjekk ned. Dette bygde me vidare på i 2010, 2011 og 2012, og me vil vidareføre prosjektet også i 2013, seier statsråden.
Skular som alt har tilbod om føraropplæring, og skular som har vore med i forsøksordningar tidlegare, og ynskjer å fortsetje med opplæringa, kan òg søke om midlar. Føresetnaden er at dei deler sine erfaringar med andre skular.
- Me ynskjer å vidareføre ei ordning som til no har vist gode resultat. Prøveprosjekta bidreg til at unge med stor avstand til trafikkskular får betre høve til å få føraropplæring, seier statsråden.
Fylkeskommunane kan søke Kommunal- og regionaldepartementet om inntil 200 000 kroner til å gjennomføre prøveprosjektet. Søknadsfristen er 1. april 2013.