Interpellasjon frå Nissedal Senterparti
Samordning av tiltak på Fleirbrukshuset
Nissedal Senterparti bed kommunestyret om å få ei sak frå Rådmannen der utbetring av Fleirbrukshuset vert sett i ein større samanheng.
Nissedal Senterparti legg vedtaket i kommunestyret 13.des-12 til grunn om å røste opp tak over Tambagarommet samt vedtaket om miljøretta helsevern i skulane.
Tre einingar skal gjere utbetringar for å tilretteleggje bruken av huset for innbyggjarane i kommunen. Det er ved å sjå investeringane og arealbruken samla at kommunen fullt ut kan nytte mogleikane i å ha eit fleirbrukshus. Nissedal valde å byggje kulturhus i samband med skulebygget på Tveit. Satsinga var å byggje eit bygg der arealet kunne nyttast både dag- og kveldstid.
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule sine behov og ynskje på dagtid og røsting av taket i Tambagarommet med investering av 3 millionar bør sjåast i samanheng med:
-
Eining for skule:
- Tveit skule og Nissedal ungdomsskule: Lukking av avvik i samband med rapport om miljøretta helsevern; ventilasjonsanlegg og opprusting av spesialromma for både kunst & handverk og mat & helse og sjå det i samband med universell utforming som blir eit lovkrav for alle kommunale bygg innan 2025. Kanskje Tambaga-romemt burde vere eitt av desse spesialromma?
- Ventilasjonen i symjehallen må utbetrast, avvik på radom
-
Eining for kultur:
- Trimrom – kan det vere i Murbygget ev i noverande personalrom for dei tilsette på skulen?
- Ventilasjonen i symjehallen må utbetrast, avvik på radom
-
Eining for helse:
- Behovet for frisklivssentral – kan det vere i Murbygget?