Meny
Bli medlem

- Utgrei Hardangervidda-tunnel

Sist endret: 27.09.2020
- Hardangerbrua er eit prosjekt eg har følgd tett gjennom mange år, og det er ei stor glede for meg å få stå for opninga her i dag. Det er bygdene her, folket her, som har vore med på å kjempe fram denne brua. Kjenner eg dykk rett, vil de vel no jobba for Hardangervidda-tunnel. Eg vil sei: set i gang KVU!, sa Navarsete ved bruopninga.

Tale av senterpartileiar Liv Signe Navarsete når ho opna Hardangerbrua 17. august 2013:

Godtfolk!
 

”Det er den draumen me ber på, at noko vedunderleg skal skje”  sa Olav H. Hauge, som levde all sin dag berre nokre kilometer herfrå.

Og i dag skjer det! Hjarteleg til lukke med dagen og denne fantastiske brua!

Hardangerbrua er eit prosjekt eg har følgd tett gjennom mange år, og det er ei stor glede for meg å få stå for opninga her i dag.

I 1985 var det ein trønder som stod ved tunnelmunninga i Granvin og klipte snora på Vallaviktunnelen. Å samanlikne Johan J. Jakobsen med Snåsakaillen er kanskje å ta litt hardt i, men ”Har du klave, så får du ku, har du tunnel så får du bru”, sa han den gongen– og jammen fekk han rett!

I 2006 fekk eg som samferdselsminister gleda av å sjå at Hardangerbrua – endeleg, og etter fleire strafferundar – vart vedteken i Stortinget. Eg hugsar enno kor flott det skein i nypussa sølv og hardangerbunader på galleriet.

Det er ingen tvil om dei regionale og lokale måla:

  • Hardangerbrua skal knyte kommunane her i Hardanger tettare saman.
  • Hardangerbrua skal skape ein større arbeidsmarknad
  • Og: Hardangerbrua skal få fleire til å bli buande og busetje seg her.

Det seier sitt at ungdom i Eidfjord har planta 1000 dvergsolsikker for å feire at ein no endeleg kan krysse fjorden utan å vere avhengig av ferja. Slikt varmar hjartet til ein kommunal- og regionalminister! 

Viktig for regionen er det også at Rv13 frå brua og til Voss dei siste åra er blitt kraftig oppgradert. Og mykje meir er på gang i området. Mellom anna skal riksveg 13 gjennom Hardanger rassikrast for ein milliard dei neste åra.

Mange av kommunane på Vestlandskysten har vore i sterk vekst dei siste åra. Same veksten har me ikkje sett her i dei indre bygdene. Det må – og vil – me gjere noko med!

Brua blir også viktig fordi den gjer reisetida på ei av hovudfartsårene mellom Oslo og Bergen kortare – og turen enklare. OG: Ho knyter saman to flotte nasjonale turistvegar, turistveg Hardanger og turistveg Hardangervidda. 

Når eg ser på denne vakre brua, kjenner eg meg trygg på at ho også blir ein turistattraksjon i seg sjølv! Eg vil oppfordre turistnæringa og næringslivet i regionen elles om å gripe denne moglegheita og bruke ho for alt ho er verdt.

Utgangspunktet er det aller beste. Få stader – anna enn Sogn og Fjordane, sjølvsagt - kan måle seg med Hardanger når det gjeld ven Vestlandsnatur. Årstidene skiftar stadig, det same gjeld vêret. Og slik skal det vere. Difor set me dei fine sommardagane så høgt. 

Eg tykkjer hardingen Jon Fosse seier det så fint i romanen sin ”Det er Ales”: ”… om våren, om sommaren, då er det jo annleis, då kan alt saman vere som blått og skinande grønt og då kan Himmelen og Fjorden stå mot kvarandre og begge vil vere det blåaste blåe, og begge vil glime om kapp, ja slik har det vore og slik skal det bli”.

På denne festdagen glimer det meste. Vegen fram har vore lang. Det veit de! Det er bygdene her, folket her, som har vore med på å kjempe fram denne brua. Kjenner eg dykk rett, vil de vel no jobba for Hardangervidda-tunnel. 

Johan J. sa: har du tunnel, får du bru. Eg vil sei: set i gang KVU!

Einskildmenneske har vore viktige. Lat meg trekkje fram ei: Ellen Utne. Ein gong sa ho at ”me kjem nok til å gå over brua, om det så vert med gåstol! Før ho gjekk bort (2009), rakk Ellen Utne å oppleve at dei høge brutårna vedfjorden var i ferd med å reise seg. Då hadde ho arbeidd for denne brua i over femti år. Eg vil takke Ellen Utne og alle eldsjeler som har stått på for Hardangerbrua!

Takk til alle som har planlagt, teikna, rekna – dette er ingeniørkunst av fremste sort. Og takk til alle ekte arbeidsfolk som i allslags vêr har bygd brua – meter for meter!

Kongehuset hadde ikkje moglegheit til å vere tilstades i dag. MEN: Dronning Sonja har allereie vore på brua to gonger – seinast 29. juni. Då knytte ho eit tre meter langt blått band på brua – ei flott helsing frå Dronninga vår. ”Eit heilt fascinerande arbeid” sa Dronninga då – og det sluttar eg meg til !

Hardangerbrua viser at hardingane har viljen til å løfte seg sjølve. Det må de halde fram med. Og aller helst saman – ein løftar mykje betre i flokk.

Olav H. Hauge seier det så fint i ”Elvane møtest”: 

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell. 
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod. 
Held fram einige, sterkare,
Snåvar ikkje so lett i steinane:
Turrskodd skal ingen vassa oss no!

Igjen: Hjarteleg til lukke med dagen!