Meny
Bli medlem

Uttale frå Senterpartiet i Sogn og Fjordane: Digitalt klasseskilje.

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Frå Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Regjeringa v/statsminister Erna Solberg, og Senterpartiets Stortingsgruppe.


 
Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil oppheve det digitale klasseskiljet i fylket.
 
I dag har store deler av Sogn og Fjordane fått 1. generasjons breiband.  For a? halde tritt med samfunnsutviklinga krev vi fortgang i vidare utbygging av høghastigheits fiberbreiband.  Fiberbreiband er ein naudsynt infrastruktur på same måte som gode vegar og sikker straumforsyning.
 
For næringslivet vert dårleg kapasitet på nettet fort ein flaskehals som hindrar verksemder i utviklinga.  Meir og meir av skulearbeidet i grunnskulen og vidaregåande skule krev godt nett.  Born og unge som ikkje har godt nok nett heime har ikkje dei same mogelegheitene som andre elevar.
 
Pa? same måte som kraftforsyninga fekk leveringsplikt i heile landet må? det bli leveringsplikt på digitalt nett.  God nettkvalitet og dekningsgrad må? vere ein naturleg del av infrastrukturen i eit kvart samfunn.
 
Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev auka midlar til breibandsutbygging.  Det må innførast leveringsplikt pa? nett, med lik kvalitet og dekningsgrad, i heile landet.