Meny
Bli medlem

Uttale styret i Telemark Sp: Lokale bøndar er morgondagens heltar!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Styret i Telemark Senterparti meiner at regjeringa må bruke meir pengar på matsikkerhet og forbrukarane må finne seg i å betale noko meir for denne tenesten. Styret i Telemark Senterparti reagerer negativt på dei strukturelle grepa som det vert lagt opp til, og som vil gå hardt ut over eit småbruksfylke som Telemark. Vi ønskjer ikkje overgang til eit industrilandbruk!

I ei verd med stor folkeauke og globale klimautfordringar er auke av matproduksjon ei utfordring. Mat dekker eit basisbehov, tilgang på nok sunn og trygg mat er ein menneskerett. Å sikre folk trygg og sunn mat er ein av nasjonalstaten si viktigaste oppgåve. Høg sjølforsyningsgrad er eit strategisk viktig mål. Ved å løyse vårt eige matforsyningsproblem, bidreg vi også til å dempe ei global utfordring gjennom å tenke globalt og handle lokalt.

Regjeringa må i årets jordbruksoppgjer ta innover seg dette og sikre folk mat gjennom å styrke bonden sine inntekter og dermed sunn og kortreist mat til forbrukarane.

På lik line med andre næringar her i landet, må landbruket få statlege overføringar som gjer nasjonal produksjon mogleg, samtidig må ein få ein prisauke på matvarer som vil gje bonden ei inntekt å leve av og forbrukarane gode norsk produkt i butikken. Aldri har ein bruka så lite av inntekta på mat og aldri før har matproduksjon hatt eit så stort internasjonalt fokus som nå. Vi står føre eit verdivalg!

Styret i Telemark Senterparti reagerer negativt på dei strukturelle grepa som det vert lagt opp til, og som vil gå hardt ut over eit småbruksfylke som Telemark. Vi ønskjer ikkje overgang til eit industrilandbruk!