Kontrasten er stor til Frp og Hogre. Dei er grunnleggjande ueinige om korleis dei skal skaffe pengar til samferdslesektoren.
· Frp er mot bompengar, Hogre er for
· Frp vil ikkje folgje handlingsregelen, Hogre foreset at den skal gjelde
· Frp onskjer ikkje OPS, Hogre har det som det viktigaste grepet sitt
Summen av dette er at den historiske satsinga vi har lagt fram står i fare for a bli torpedert dersom det blir eit regjeringsskifte. Frp garanterer at dei fyrste 25 mrd. som blir skaffa til samferdslesektoren skal brukast på å slette noverande bompengegjeld. Hogre legg seg på dei same økonomiske rammene som Regjeringa. Dette viser at Frp/Hogre med all sannsynligheit må ta pengar frå framtidige planlagte prosjekt for å bruke på å nedbetale prosjekt som allereie er ferdig bygde.