Meny
Bli medlem

Valflesket som gikk opp i røyk

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Den siste veka har det vore storm frå alle kantar mot Unge Høgre etter at dei gjekk hardt ut å ville fjerne statsstøtta til folkehøgskulane. Skulefolk, forståsegpåarar og andre politiske parti har argumentert mot framlegget, og truleg vert det ingen realitet. Det er bra.

Underteikna deltok i fjorhausten sin valkamp på skuledebattar saman med representantar frå UH, og eg gjer meg nokre tankar når eg tenkjer tilbake på skuledebatten som fann stad på Sogndal Folkehøgskule. Det var ein god debatt, der me som politikarar naturleg nok vart utfordra på framtida til nettopp folkehøgskulane. Representanten frå UH var klår og tydeleg på at det var ei lys framtid for desse instutisjonane med eit sterkt Høgre i regjeringskontora. Dei underbygde argumentasjonen sin med at Høgre lenge har vore for betre vilkår for privatskular, og meinte difor at folkehøgskulane dermed kunne gle seg over ei framtid med H i regjering. I dag er dei der, og det kan verke som om ungdomsorganisasjonen deira i lykkerus har gløymt kva som vart sagt før valdagen.

Når lykkerusen legg seg, og den blå vinden har stilna håpar eg UH tek seg ein runde i tenkjeboksen. Dersom dei etter ein slik runde kjem ut igjen med gode forslag for å styrkje dei viktige utdanning- og danningsinstutisjonane rundt om i landet, skal Senterpartiet hjelpe dei med fleirtal på tinget. Me skal halde det me lova. (Og ja, me meiner det me sa før 9/9-13 fortsatt)

Aleksander Heen

Fylkestingsrepresentant

Leiar Årdal Senterparti