Meny
Bli medlem

Vedtatte resolusjoner på Rogaland Sp sitt årsmøte 2014

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland

Rogaland Senterparti har vedtatt følgende 11 resolusjoner:

Nr. 1 - SP krev fortsatt positiv inntektsutvikling i landbruket!

Å auke bonden si inntekt og respekten for dei som dyrkar jorda og produserer mat må vere av den høgaste politiske mål. Økonomien til den enkelte bonde er grunnlaget for ei positiv utvikling i landbruket og for å nå målet om eit robust landbruk i heila landet. Ein variert bruksstruktur er grunnlaget for eit landbruk i heila landet. Målet må derfor vere å styrka husdyrproduksjonen både i sentrale strøk og i distrikta. Rogaland Senterparti ber derfor regjeringa i vårens landbruksoppgjer å leggja til rette for ei fortsatt positiv inntektsutvikling i landbruket. Konsekvensar av eventuelle føreslåtte endringar i ramevilkår må utgreiast før ein vurderer iverksetjing.

Nr. 2 - Alle er tente med kvalitet i skulen

Lærarane gjer ein av dei viktigaste jobbane i samfunnet. God undervisning fører til motiverte elevar. Senterpartiet sitt mål er at all undervisning i skulen skal vera så god som mogleg, og då må ein gje lærarane vilkår for førebuing. Undervisning er ferskvare og elevane fortjener kvalitet. Dersom lærarane skal vera fleire veker på jobb utan elevar, vil dei resten av året få mindre tid i lag med dei. Alle er tente med at lærarane er fleksible, ikkje at dei har ein 08.00-16.00 jobb. Ein viktig faktor i god profesjonsutøving er tillit. KS sine forslag er ikkje ei tillitserklæring. Dette er eit steg tilbake! Det er viktig å lytta til dei som er i skulen, dei som står i det kvar dag. Rogaland Senterparti ber KS gå i reelle forhandlingar med utdanningsforbundet for å få på plass ein arbeidstidavtale som sikrar lærerane tid til for- og etterarbeid og fagleg utvikling. Me er uroa for kva forslaget frå KS vil seia for rekrutteringa til yrket. Kvar dag stiller lærarane opp for våre barn og unge. Nå er det vår tur til å stilla opp for dei!

Nr. 3 - Sentralisering og beredskap – alltid til det beste for innbyggjarane?

Rogaland Senterparti meiner det absolutt ikkje alltid er til det beste for innbyggjarane med massive samanslåingar og nedleggjingar enten det gjeld t.d. sjukehus, politidistrikt eller brann- og redningsvesen. Ei massiv nedleggjing av politidistrikt og lensmannskontor der ressurser blir overført frå lensmannskontor i distrikta til spesialiserte og store enheter i sentrale strøk slik politianalysen anbefaler, vil ikkje nødvendigvis føra til eit betre tilbod til innbyggjarane der responstid og lokal forankring er viktige suksesskriterier. Regjeringa sin iver etter samanslåingar og sentralisering må ikkje overskygga innbyggjarane sine grunnleggande behov i forhold til responstid og lokal forankring.

Nr. 4 - «Ryfylkeporten» / Tunnelen Espedal – Frafjord

Rogaland Senterparti arbeidde svært aktivt for Ryfylkepakken i si tid, den eine delen av denne pakken, Ryfast, er nå under arbeid. Tunnelen Espedal – Frafjord er også ein viktig del av denne pakken. Tunnelen ligg i dag inne i areal - og transportplan for Ryfylke, men utan finansiering. Regulerings planar er ferdig utarbeidde både i Forsand og Gjesdal. Rogaland Senterparti vil nå arbeida for at «Ryfylkeporten», som både er planlagt og lova, igjen blir prioritert. Denne vegen vil bli veldig viktig for turistnæringa i heile Rogaland, og den vil skape ein utvida bu – og arbeidsmarknad for regionen.

Nr. 5 - En støtte til ny bompengeordning for Jærenpakke 2 forutsetter at det blir en felles og solidarisk bompengeordning for hele Jæren-regionen

Fylkestinget skal, i samarbeid med kommunene i Jæren-regionen i løpet av 2014 vedta en ny investerings- og finansieringsplan for transport – Jærenpakke 2. Arbeidet med Jærenpakke 2 vil innebære streng prioritering av tiltak og finansiering, inkl. bruk av bompenger og plassering av bomstasjoner. For å oppnå dette på en måte som sikrer en helhetlig utvikling i regionen og en aksept fra befolkningen om innkreving og bruk av bompenger, er det viktig å se hele regionen samlet. Rogaland Senterpartiet vil sette som en forutsetning for å støtte etablering av Jærenpakke 2 inkludert bruk av bompenger at den må inneholde tiltak og prosjekter som:

• sikrer utbyggingen av et høgverdig kollektivtsystem og et godt sykkel og gangveinett i regionen.

• sikrer tilstrekkelige midler for å få på plass nødvendige transportsystem for utvikling av Sandnes Øst i samsvar med Regionalplan for Jæren

• bidrar til at det overordnede veinettet både på riksveger og fylkesveger i regionen blir bygd ut for å bedre trafikksikkerheten og øke framkommeligheten.

• og at det etableres ett felles bompengesystem for hele Jæren-regionen.

Nr. 6 – Senterpartiet ønsker velfungerende kommuner

Senterpartiet i Rogaland ser med bekymring på regjeringens hastverk med å endre kommune Norge dramatisk. Regjerningen har nedsatt et hurtigarbeidende ekspertutvalg som skal ha en delrapport klar allerede 24. mars og som presenteres i kommuneproposisjonen i mai. Dette er ikke forenlig med budskapet regjeringen sender ut om at samfunnet skal bygges nedenfra, at en i denne saken ønsker gode lokale prosesser og at kommunekartet ikke skal tegnes i Oslo. Senterpartiet i Rogaland vil ta avstand frå tvungen kommunesamanslåing. Ei slik samanslåing vil bety sentralisering av makt og skapa større avstand mellom dei som styrer og dei som blir styrte. Store og uoversiktlege einingar vil lett bli resultatet dersom slike samanslåingar skal setjast ut i livet. Senterpartiet kan berre vera med på drøfting av kommunesamanslåing i dei tilfelle der slike ønskje kjem frå dei kommunane det gjeld.

Nr 7. Vintersikker E134 over Haukeli nå!

Stadig oftare stenging, meir ekstremver og næringslivet sitt behov for forutsigbar transport viser at det hastar med ny vintersikker veg over Haukeli. I den nye Nasjonaltransportplanen ligg nye tunellar på E134 over Haukeli inne, med mogleg oppstart i 2015. Den blåblå regjeringa har skapt usikkerhet omkring dette ved å starta ei utgreiing om berre ein prioritert fjellovergang mellom aust og vestlandet, samt at planlegginga har stoppa opp grunna usemje om vegutforming på austsida. Senterpartiet krevjer: • - Oppstart på tunellen frå Seljestad til Valldalen i 2015. - At planarbeidet for ein vintersikker veg frå Valldalen til Vågslid har høgste prioritet, der ein og vurderer long tunell.

Nr. 8 - 1814 - 1994 - 2014 - kampen for folkestyret held fram

Noreg sin underordning under stadig nye EU- direktiv strir mot grunnleggjande demokratiske prinsipp, då innbyggjarane blir underlagd lover dei sjølv ikkje har vore med på å fatta. Senterpartiet i Rogaland meiner at grunnlovsjubileet 2014 bør bli ei markering av folkesuvereniteten slik han er nedfelt i grunnlova og at det må haldast folkeavrøysting om den grunnlovsstridige EØS-avtalen skal erstattast av ein handelsavtale med EU. Slik kan kampen for folkestyre versus formyndarstyre reisast på ny.

Nr. 9 Sats på jordvernet, etabler et nytt byområde i grenseområdet mellom Hellvik og Sirevåg!

I området aust for FV44 mellom Sirevåg og Hellvik finner du 14 kvadratkilometer med utmark som egner seg dårlig til jordbruksjord og der Jærbanen går gjennom området. Med dobbeltspor på jærbanen mellom Sandnes og Egersund ligger området bare ein god halvtime fra arbeidsplassene på nordjæren, betydelig kortere reisetid enn å kjøre mellom Sandnes og Stavanger i rushtiden. Løsningen på boligkrisen og trafikkinfarktet på nordjæren, ligger i et nytt byområde på grensen mellom Eigersund og Hå.

Nr. 10 Mat i skulen: forebygging framfor reparasjon

Ingen andre OECD-land bruker så lite penger på helseforebyggende arbeid som Norge. Skolemat til alle er et helsefremmende tiltak som for eksempel kunne dekkes over helsebudsjettet. Gje lærarane hjelp i læringsarbeidet: Felles skulemåltid kvar dag gir hjerneføde og motiverte elever!

Nr. 11 Norge trenger ett års kornlager!

Folketallet i verden øker hvert år med nærmere 100 millioner mennesker. Kriser, korrupsjon og krig tilsier at beredskapsagring av mat og forvarer i Norge bør få større betydning i den samlede forsvars- og beredskapspolitikken. Rogaland Senterparti ber regjeringa sørge for å gjeninnføre beredskapslagring av korn tilsvarende 12 måneders import av mat- og forkorn, samt soya. Rogaland Senterparti ber videre landbruksministeren snarest gripe inn i salget av Stavanger Havnesilo.