- Det er synd at Høgre vil avskaffe jordbruksforhandlingane i den form me har det i dag. Høgre framstiller endringa veldig forsiktig, men det er eit dramatisk vedtak for jordbruket om forhandlingane vil føregå samstundes med forhandlingar i statsbudsjettet. Det er ein fordekt måte å seia at Høgre vil avskaffe jordbruksforhandlingane, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet til Nationen.
Han er også kritisk til at Høgre vil auke konsesjonane i jordbruket. - Regjeringa har nettopp mjuka opp konsesjonsgrensene for kylling. Med den overproduksjonen me i dag ser på svin og egg, er det uansvarleg å auke konsesjonane ytterlegare, seier Vedum.
Sp-statsråden peiker på at store produsentar er mest avhengige av volumproduksjon. Om prisane fell som konsekvens av overproduksjon, er det store produsentar som har gjennomført store investeringar som vil slite mest.
- Høgre vil satse på storbøndene, men storbøndene er dei som blir hardast råka av politikken til partiet. Tollvernet sikrar volumproduksjonen, som dei store produsentane er avhengige av, seier Vedum til Nationen.