Meny
Bli medlem

Vel blåst!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
På onsdag gjennomførte organiserte i LO, YS og Unio ein politisk streik på to timar. Den lovlege streiken går mot Frp/Høgre regjeringa sitt framlegg til endringar i vernet for arbeidstakarar regulert i arbeidsmiljølova.


I USA og ein del andre land i Europa har arbeidstakarar få rettar. Dei blir då pressa til å akseptere låge løner, mellombels tilsetting, arbeidstid kveld/natt/helg utan tillegg og låg pensjon. Det kan medføre at ein låglønna person  må ha to ulike jobbar for å få kvardagen til å gå rundt økonomisk. Vi ynskjer ikkje ei utvikling mot eit slikt klassedelt samfunn i Noreg. Det er difor viktig å verne om arbeidstakars rettar, slik det blei gjeve uttrykk for ved streiken på onsdag.

Jarand Felland
Ordførarkandidat for Tokke Sp