Meny
Bli medlem

Ver ærleg om kommunereforma Sanner!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
I sin iver og hastearbeid med kommunereforma skaper regjeringa eit inntrykk av at kommunen er pålagde å utgreiie, vurdere og evntuelt vedta kommunesamanslåing. Slik er det ikkje, kommunane står heilt fritt om dei vil ta opp spørsmålet, skriv Navarsete og Greni.

 

- Av Liv Signe Navarsete og Heidi Greni, stortingsrepresentanter Senterpartiet

I sin iver og hastearbeid med kommunereforma skaper regjeringa  eit inntrykk av at kommunen er pålagde å utgreiie, vurdere og evntuelt vedta kommunesamanslåing. Dette inntrykket byggjer på oppdragsbrevet Høgre sin statsråd Jan Tore Sanner har sendt til landets ordførarar og fylkesmenn, der han understrekar fleirtalsmerknaden frå kommunalkomiteen om at «det er et utredningsansvar for alle kommuner». Fylkesmannene har på dette grunnlag fått ansvar for å få fart på prosessane i fylka.

Det er også skapt inntrykk av at det vert storstila kommunesamanslåingar uansett kva kommunane sjølve og deira innbyggjarar meiner.  Slik er det ikkje.

Styring av kommunane må vere forankra i lov eller budsjett, ein fleirtalsmerknad frå kommunalkomiteen er ingen av delene.  Kommunane står dermed heilt fritt om dei vil ta opp spørsmålet, når og korleis dei eventuelt vil gjere det og kva prosess dei i så fall vil velje.

Eg vil oppfordre statsråd Sanner om å be fylkesmennene opplyse kommunane om dette. Å lure kommunane til å tru at dei er forplikta til å gjennomføre prosessar som dei sjølve står heilt fritt til å gå inn i eller ikkje er eit narrespel regjeringa bør halde seg for god til.