Meny
Bli medlem

Verdiar i spel!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag svært store verdiar knytt til energiproduksjon. Dei fleste av desse verdiane er samla i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE).

For Senterpartiet er det viktig å sikre at desse verdiane vert verande i fylket og at dei vert innbyggjarane til del.

SFE er ein stor aktør i energisektoren med stor produksjon av kraft i vårt fylke.  Ein ferdig nedbetalt kraftstasjon kan best samanliknast med ei kopimaskin som står og trykkjer opp pengar.  Alt tyder på at dette vil vere gjeldande også i framtida.

Sidan 2001 har SFE betalt ut 1200 millionar eller 1,2 milliardar kroner i utbytte til eigarane sine.  Dette i følgje årsrapportane til selskapet.  Grunnen til at eg reiknar frå 2001 er at då vedtok eit fleirtal i fylkestinget å selje delar av SFE til Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK).  Senterpartiet røysta i 2001 mot å selje ut delar av SFE.  Sidan 2001 har kring 460 millionar kroner av aksjeutbytte frå SFE vorte betalt ut til BKK. 

Tidlegare Ap-nestor Harry Mowatt har dei siste dagane prøvd å legge skulda på Senterpartiet for at vi er komne i ein situasjon i dag der vi står i fare for å miste råderetten over energiressursane våre.  Eg meiner Senterpartiet står på trygg grunn i vår handsaming av eigarskapen til fylkeskommunen i SFE. Vi var mot å selje til BKK i 2001, salet førte til at vi fekk ein medeigar som har ein lovfesta forkjøpsrett. Der røysta Arbeidarpartiet for å selje.

Det vert vidare hevda at SP må ta skulda for at fusjonsprosessen mellom Sunnfjord Energi og SFE i 2007 havarerte.  Dette er med respekt å melde berre tøv.  Den viktigaste grunnen til at den prosessen havarerte var at det vart stilt ultimatum frå Sunnfjord Energi, med styreleiar Harry Mowatt i spissen, om at hovudkontoret til det fusjonerte selskapet skulle ligge i Sunnfjord.  Det var dette som til sjuande og sist velta dette prosjektet, og førte til at eit stort fleirtal på fylkestinget gjekk imot fusjonen.

Det at SFE i si tid vart seld til BKK har gjort denne saka vanskeleg. BKK har forkjøpsrett til aksjane på lik line med dei andre aksjonærane. Dersom aksjeposten som fleirtalet vedtok å selje framleis hadde vore i fylkeskommunalt eige så kunne vi gjort som i Nord-Trøndelag Fylkeskommune.  Der vedtok dei å dele ut aksjane til kommunane i fylket før Nord-Trøndelag vedtok å slå seg saman med Sør-Trøndelag til en ny Trøndelagsregion

SFE er ei av dei viktigaste verksemdene i fylket.  I tillegg til kraftproduksjon har SFE ansvaret for ein stor del av straumnettet – noko som er ein samfunnskritisk infrastruktur.  SFE står for ei stor verdiskaping og selskapet har mange tilsette rundt om i fylket, mellom anna ved hovudkontoret på Sandane og i nettselskapet i Florø. SFE har og satsa tungt på det som vert omtala som den nye kraftkrevjande industrien gjennom eigarskapen i Lefdal Mine Datasenter.

Senterpartiet skal stå på framover for å kjempe for at vi skal behalde kraftressursane våre på folket i fylket sine hender.  Den enklaste måten å gjere dette på er at Sogn og Fjordane held fram som eige fylke. Om Stortinget bestemmer noko anna og vi vert samanslått med andre fylke, så vil vi gjere det vi kan, også då, for å sikre at desse verdiane vert innbyggjarane i Sogn og Fjordane til del.

 

Sigurd Reksnes

gruppeleiar for Sp på fylkestinget