Meny

Vern over alle grenser!

Sist endret: 16 03 2017
- På fylkestinget denne veka i april skal vi behandle Regional plan for Ottadalsområdet. Det er villreinen si framtid det handlar om, men også om korleis framtida for ei kommune med mykje verna område skal bli, skriver Aud Hove i dette debattinnlegget.

Før ordet vern i det heile var på sakskartet i offentleg forvaltning, var reinen viktig for lokalbefolkinga i Ottadalen og vart forvalta på ein slik måte at den no er verneverdig. 

Vi fekk Reinheimen nasjonalpark nettopp for å sikre villreinen i dette viktige leveområdet. Den gongen var det store diskusjonar kring kor langt ned mot bygda og sivilisasjonen vernegrensene skulle gå. Nå er vi der att. Grensene skal strekkjast så langt utover kartet som det går. Styringsgruppa for arbeidet har gjort ein grundig jobb, men for Skjåk sin del går vernet no over alle grenser. 

Kommunen og Skjåk Almenning får ei eller anna form for vern på over 90 % av arealet sitt om denne planen går gjennom på fylkestinget! Det er spesielt området frå sør for Grotli, Måsåbakkane, og austover langs RV15 til seterområdet Billingen det er uforståeleg at det skal bandleggjast område. Dette er eit av dei viktigaste rekreasjons- og hytteområda i Skjåk og mykje brukt av folk frå både aust- og vestland. 

For villreinen, som ikkje brukar dette området, betyr ikkje dette noko for deira eksistens. Derimot for Skjåk betyr det mykje å kunne få behalde råderett over eit område som allereie er mykje brukt. 

Skjåk Almenning er ikkje interessert i å øydeleggje leveområda for villreinen, men dei evnar i tillegg å sjå kor viktig dette området er for rekreasjon, fritidsaktivitetar og næringsmoglegheiter innan reiseliv. Den største trusselen for villrein er RV15 og rovdyra. Dette er mest ikkje nemnd som utfordring i planen. For å bøte på dette må vi få ny tunellinngang i Breidalen og ei regulering av rovdyrbestanden. 

Gjennom denne planen vil nye, store område bli verna utanom Reinheimen. Eg vonar at representantane på fylkestinget ser kor viktig den lokale forankringa og forståinga for vernet  er, slik at dei kjem Skjåk kommunestyre og Skjåk Almenning i møte i sitt vedtak. 

Skjåkværen vil leve og bu saman med villreinen, men med vernegrenser som passar til bruken og ikkje berre til kartet. 


Aud Hove, Skjåk
1. nestleiar Oppland Sp