Meny
Bli medlem

Vest-Telemark museum

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I Vest-Telemark er det fleire private verksemder som er spesialistar på restaurering av mellomalderbygg. Desse verksemdene har gått saman i eit nettverk for bygningsvern. Telemark Senterparti vil sikre at eit senter for bygningsvern blir lagt til Vest-Telemark museum sidan både mellomalderbygga og mykje fagleg kompetanse finst i Vest-Telemark.

 

Vest-Telemark museum er ei viktig kunnskapsverksemd som er lokalisert fleire stader i Vest-Telemark. Verksemda har om lag 20 årsverk.

 

Om lag 1/3 av alle mellomalderbygg i Noreg finst i kommunane: Fyresdal, Tokke og Vinje. Desse bygningane er ein viktig del av norsk kulturarv.

Telemark fylkeskommune har difor gjort vedtak om at det skal etablerast eit senter for mellomalderbygg.

Ein prosjektleiar ved eit slikt senter skal ta initiativ til konkrete restaureringsprosjekt i fylket. Eit senter skal også kunne hjelpe eigarar med å søkje om tilskot, knyte kontakt med handverkarar og sikre statleg tilskot til restaurering.

I Vest-Telemark er det fleire private verksemder som er spesialistar på restaurering av mellomalderbygg. Desse verksemdene har gått saman i eit nettverk for bygningsvern. 

Telemark Senterparti vil sikre at eit senter for bygningsvern blir lagt til Vest-Telemark museum sidan både mellomalderbygga og mykje fagleg kompetanse finst i Vest-Telemark.

 

Jarand Felland

Ordførarkandidat for Tokke Senterparti