Meny

Vi får det til!

Sist endret: 16 03 2017
- Ingen andre parti enn Senterpartiet hadde fått dette til, sa Olav Urbø om Senterpartiets samferdselssatsing, frå talarstolen i Loen

 

Det er ikkje tilfeldig at samferdsle er fanesaka til Senterpartiet. Ingen veit betre enn oss kor viktig vegar og jernbane er for utvikling i eit område. Avstandar reduserast og arbeidsregionane vert større. Små og store samfunn kjem inn i ein positiv utvikling når det gjeld næringsutvikling og folketalsutvikling. Varer frå vestlandet kjem raskare til kontinentet.

Det er varsla store ting i NTP. Ferjefri E39, Stadt skipstunnel, dobbeltspor på Intercity-triangelet og så i går 17 milliardar ekstra til fylkesvegar.

Dette er visjonære prosjekt som ein kanskje må attende til bygginga Bergensbanen for å finne sitt like.

For å få dette til må det sitte heilt innerst i ryggmargen hos eit parti. Det er kun hos Senterpartiet det gjer det! Ingen andre parti, eg gjentar: Ingen  andre parti enn Senterpartiet hadde fått dette til.

Så må ein ha innflytelse. Senterpartiet har alltid søkt makt for å få innflytelse på samfunnsutviklinga, så og vår deltaking i den raud/grøne regjering.

For Telemark er makt og innflytelse viktig for å få realisert det viktigaste vegprosjektet for Telemark, nemleg nye Haukelitunnellar. Prosjektet ligg til og med ikkje i Telemark, men i Hordaland.

Saman med Rogfast og den nye Jondalstunnellen vil dette redusere reisetida for gods og folk mellom Bergen/Haugesund/Stavanger og Oslo-regionen betydeleg.

E134 som er den viktigaste aust-vest forbindelsen sør for Hardangevidda vil verte tilnærma kolonnefri.

Mellom desse folkerike områda ligg det fleire regionar som ikkje har hatt den same veksten når det gjeld mellom anna folketalsutvikling, så og i Telemark. Nye Haukelitunnellar er eit nasjonalt viktig prosjekt og vil i tillegg vere det enkeltprosjektet som raskast vil kunne bidra til å snu utviklinga til vekst i desse regionane. 

Dynamikken rundt hovudstaden og ein stor offshore-aktivitet på vestlandet  har gjort at mange ting går av seg sjølv i desse områda. Den type motor for vekst har ikkje alle innlandsregionar. Til og med skogen som på mange måtar var kapitalbasen er snart ikkje meir verdt i mange områder.

Difor er det så viktig for Telemark å få redusert avstandane til områda der veksten er. Difor er nye Haukelitunnellar så viktig!

Vi skal på landsmøtet vedtake nytt program. Eg er glad for at programkomiteen har lagt fram eit offensivt program for samferdsel.