Meny
Bli medlem

Vi må produsere meir frukt, bær, mjølk og kjøt!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Senterpartiets gruppeleiar i Fylkestinget ? Sigurd Reksnes ? seier at landbrukssatsinga i verdiskapingsplanen for fylket syner at landbruket langt i frå er ei solnedgangsnæring, men tvert i mot er ei framtidsnæring.

«Vi må produsere meir frukt, bær, mjølk og kjøt basert på ressursane vi har i fylket» seier Reksnes.  «Planen er eit godt reiskap for å nå eit slikt mål».

 

Reksnes understreker at landbruket er ei stor næring i Sogn og Fjordane og sysselset nær 5 000 personar.  «Næringsmiddelindustrien er fylket si største industrigrein og står for 40% av industrisysselsettinga fylket».

 

Verdiskapingsplanen har gode målsetjingar og gode strategiar for å sikre produksjon, sysselsetting og busetting i Sogn og Fjordane.  «Dette er viktig for fylket vårt» seier Reksnes.

 

«For inneverande år er investeringsmidlane brukt opp – kassa var tom allereie i februar».  Dette er ikkje haldbart og det er heilt naudsynt med eit investeringsløft i landbruket framover.  Senterpartileiar Tryge Slagsvold Vedum har teke til orde for ei investeringspakke på 10 milliardar.  «Dette vil føre til fornying av bygningsmassen noko som er særleg viktig med tanke på kravet om at alle kyr skal gå i lausdrift frå 2024» avsluttar Reksnes.