Meny
Bli medlem

Vi må sikre tryggleiken til innbyggjarane våre!

Sist endret: 27.09.2020
Senterpartiets Landsmøte er uroa for tryggleiken til innbyggjarane. Vi opplever i desse dagar at ulike departement, direktorat og andre offentlege instansar ynskjer å legge ned og sentralisere viktige samfunnsfunksjonar som 110-sentralar og politidistrikt.

Det er med undring og uro vi no registrerer det går føre seg sektorvise prosessar som kan sentralisere beredskapen innanfor justissektoren bit for bit i Noreg. Sentraliseringa rammar også lokal utvikling og kompetansemiljø.

 

I vårt langstrakte land treng me eit ”nærpoliti” som driv førebyggjande arbeid, motarbeidar kriminalitet og er tilstades når ulykka er ute. Beredskapen til politiet utanfor dei store byane er ikkje tilstrekkeleg. Ofte er politiet den siste naudetaten som kjem til åstaden. Ofte må lokalt brannmannskap leie arbeidet inntil politiet kjem. Det må verte utarbeida ein geografiskdefinert responstid for politiet.

 

Senterpartiet meiner at det er naturleg at fylkesgrensene også avgrensar distrikta til 110-sentralane. Vi kan ikkje akseptere at heile Nord –Noreg berre skal ha ein naudsentral, og ein i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

 

Likeeins opnar vi for ein fylkesmodell for politidistrikta. Føresetnaden er  at den operative polititenesta, nærpolitiet og lensmannskontora blir styrka, og at den varsla auken i talet på politifolk til 2 per 1000 innbyggjar innan 2020 skal koma heile landet til gode. I fylke med særleg store avstandar eller med innarbeidde samarbeidsmodellar på tvers av fylkesgrensene, bør det opnast for fleire distrikt.

 

God lokalkunnskap er viktig for samfunnstrygging og beredskap.  Utfordrande topografi og geografi i landet vårt gjer at lokalkunnskapen kan vere avgjerande for å yte rett innsats i krevjande situasjonar. Organisering av 110 og politi må uansett tilpassast lokale geografiske og praktiske forhold.

 

Senterpartiet krev at tryggleiken til innbyggjarane våre blir ivareteken.  Å sentralisere viktige beredskapsorganisasjonar gjer ikkje betre beredskap.