Meny
Bli medlem

- Vi må tørke oljen ut av auga

Sist endret: 16.03.2017 #Oppland
- Vi har vorte konsumentar i mykje større grad enn produsentar og dette er ikkje bærekraftig på lang sikt, korkje for Noreg eller for resten av verda, sa Aud Hove, nestleiar i Oppland Sp, under generaldebatten på landsmøtet.

Oppland Senterparti har fremma ein resolusjon for landsmøtet som tek til orde for å nytte meir av oljepengane på fastlandet. Den tok Aud Hove utgangspunkt i, i sitt innlegg på landsmøtet fredag.

 

- Vi har fått ei todeling av norsk økonomi med olje- og gassrelatert verksemd/eigedom og anna næringsverksemd. Vi har vorte konsumentar i mykje større grad enn produsentar og dette er ikkje bærekraftig på lang sikt, korkje for Noreg eller for resten av verda, sa ho frå talarstolen. 

- Oljeeventyret har gjeve oss ein historisk økonomisk opptur i Noreg. Oljeeventyret har også gjort oss til eit høgkostland med ein løn- og prisvekst andre berre kan drøyme om. Men er det nødvendigvis berre bra?

 

 

Hove meiner det er viktig at vi no tørker oljen ut av auga og ser verdien i dei små og mellomstore bedriftene på fastlandet.

- Ved å satse meir på fastlandet enn det har vore gjort fram til no, vil vi få ei betre fordeling av bu og leveområde. Skal vi snu flyttestraumen og gjere det levelig i distrikta må vi skape arbeidsplassar. Vi må ha same tryggleiksnettet for ein som jobbar i det private næringsliv og som er sjølvstendig næringsdrivande, som i det offentlege. Eg tør påstå at det ikkje er slik i dag, seier Hove. 

- Vi har stort fokus på at alle skal få gode tenester rundt i kommunane, men det hjelp jo ikkje om du ikkje har arbeid, seier Hove, som meiner Sp må gå i front for å gjere det lukrativt, interessant og attraktivt å skape sin eigen arbeidsplass og ikkje minst arbeidsplassar for andre i heile Noreg.