Meny

Vi skal bruke penger på buss, ikke på administrasjon

Stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide er ikke fremmed for tanken om å organisere kollektivtrafikken i Telemark på en bedre måte.

Som einaste fylkespolitiker frå samtlige 19 fylkeskommuner var Beate Marie Dahl Eide (Sp) tilstede da Oslo Economics fredag la fram ein rapport for NHO Transport om  effektivitet i organisering og regulering i av lokal kollektivtransport . - Dette er eit viktig område, som det er viktig at vi som politikarar set oss grundig inn i og tileignar oss kompetanse på, seier Dahl Eide. Rapporten vurderar ansvarsdelinga i kollektivsektoren, og resultatet av anbudsutsetting og ulike kontraktsformer.

Rapporten viser mellom anna at bruk av bruttokontrakter ser ut til å  ha auka administrasjonsbehovet i offentleg sektor. Og at oppretting av administrasjonsselskap har endra fordelinga av ansvar i kollektivsektoren. Det er operatøren som er i markedet og som er nærmast kunden. I bruttokontrakter er ansvaret for inntekts- og utgiftssida oppdelt, noko som ikkje motiverar selskapa til å få ned kostnadsnivået eller å få flest mogeleg reisande.

Fylka som har administrasjonsselskap brukar fleire årsverk til å administrere kollektivtransporten enn fylka som ikkje brukar administrasjonsselskap. Det vert peika på at det er ei utfordring av administrasjonsselskap kan føre til meir byråkrati enn nødvendig.

- Rapporten peikar på fleire ting, mellom anna at ein bør vurdere å bruke andre typer kontraker enn bruttoanbud. Ein bør bruke fleire kontrakstyper, nettoanbud., bedre kontrakter der det er meir krav til funksjon og mindre detaljkrav. "Det er slik vi i Telemark samhandlar med våre busselskap, seier samferdselspolitiker Dahl Eide. Vi har stor tru på at operatørane er dei som kjenner markedet og kunden best, og difor har vi valgt å ha såkalla "nettokontrakter". Våre busselskap tek ansvar for produktutvikling og det å utvikle gode rutetilbud , i tråd med dei politiske føringane frå fylkeskommunen. Det trur eg er ei god ordning. - Denne rapporten burde få fleire fylker til å tenke seg nøye om, og vurdere kva slags kontraktstyper som er best for kollektivtransporten i sitt fylke. Det seier meg at det er tenkt mykje rett i Telemark rundt kontraktsregimet vi brukar.

Dahl Eide er også svært opptatt av å vurdere Vestviken Kollektivtrafikk ASs  rolle i Telemark. - Rapporten fortel  meg òg at det er veldig rett at vi no gjennomgår Telemark si organisering av kollektivtrafikken.

Saka om framtida til Vestviken kjem til handsaming i samferdsleutvalet og fylkestinget i løpet av våren, og Dahl Eide har store forventningar til denne gjennomgangen; Det er fleire ting som talar for at det å ha eit ekstra mellomledd mellom fylkeskommunen og operatørane, busselskapa, er eit unødig fordyrande og byråkratiserande mellomledd. Vi må uansett ha god kollektivkompetanse i fylkesommunen. Eg er redd vi organiserar oss slik at vi skapar ekstra byråkrati. Vi må sikre oss ei god og effektiv organisering av kollektivtrafikken i Telemark, som bidreg til at fleire vel å reise kollektivt og minskar presset på vegane våre og bedrar luftkvalitet og miljø i Grenland. Det er og viktig for skuleskyssen i heile Telemark.