Meny
Bli medlem

- Vi skal ta Sp inn i ei ny fase

Sist endret: 27.09.2020
- Jobben vår framover blir å gjere kvardagen betre for folk, uansett kor dei bur. Det har vi gjort i regjering. Det skal vi gjere frå Stortinget. For meg handlar det om å leie Senterpartiet inn i ei ny fase ? framtidsretta, ope og fordomsfritt, sa Senterpartileiar Liv Signe Navarsete til partiets landsstyremøte 21. oktober.
  • Stortingsvalet 2013 kjem til å bli evaluert og analysert av både vårt eige parti og i samfunnet elles ei lang tid framover. Det er gode grunnar til å stikke fingeren i jorda og spørje kvifor eit fleirtal i folket går inn for å skifte ut ei regjering som har sikra vekst, tryggleik og stabilitet i åtte samanhengande år. I tida framover skal bruke posisjonen vår på Stortinget konstruktivt, til å få gjennom dei sakene vi trur på. Vi skal gjere organisasjonen vår endå sterkare. Vi skal utvikle politikk. Vi skal lære av tida vi har bak oss - både av det vi gjorde rett, og det som burde vore annleis.

 

Partileiaren er den statsråden I Senterpartiets historie som har sittet lengst ved Kongens bord. Sidan 2008 har ho vore både statsråd og partileiar. No skal Liv Signe Navarsete være meir partileiar og partipolitikar.

- Jobben vår framover blir å gjere kvardagen betre for folk, uansett kor dei bur. Det har vi gjort i regjering. Det skal vi gjere frå Stortinget. For meg handlar det om å leie Senterpartiet inn i ei ny fase – framtidsretta, ope og fordomsfritt, sa Navarsete.

I analysen av valresultatet framheva Navarsete den nye situasjonen i Stortinget der regjeringa ikkje lenger har fleirtal aleine.

- Valgresultatet var  inga marsjordre frå veljarane til den nye regjeringa om å gjennomføre fundamentale endringar i det norske samfunnet. Dynamikken som  no oppstår med ei mindretalsregjering understrekar nettopp det.  I dette landskapet vil Senterpartiet vere ein viktig premissleverandør på viktige område i  norsk politikk.  No er det mykje som står på spel. Mange enkeltsaker som ligg i regjeringplattforma til dei blåblå kan alle vere samde i.  Men det ligg også reformer som, om dei vert gjennomførte, er djuptgripande og irreversible. Det er alvorleg, sa Navarsete.

Senterpartiet vil vere løysningsorientert og konstruktiv i Stortinget og søke samarbeid der Senterpartiet får mest gjennomslag.

- Med ei mindretalsregjering på alliansejakt i Stortinget vil både vi og andre parti bruke moglegheitane til å få landet i den retninga som vi trur på. Det er nettopp det handlingsrommet vi skal operere i dei neste åra. Men vi skal fortsatt vere trygt planta i våre eigne verdiar, mål og prioriteringar, sa Navarsete.

Partileiaren la stor vekt på at den raudgrøne alliansen ikkje er tilbakelagt, og at samarbeidet med Arbeiderpartiet og SV har betydd mykje for Senterpartiets gjennomslagskraft.

- Den raudgrøne ideen som har gitt Senterpartiet historiske politiske resultat, er ikkje noko dårlegare i dag enn før 9. september. Det er all grunn til å minne om at den regjeringa som tiltrådde i førre veke utfordrar helt grunnleggande verdiar i Senterpartiets sjel og ideologi.

 

Heile talen av Senterpartileiar Liv Signe Navarsete til partiets landsstyremøte på Olavsgaard 21. oktober 2013

(Sjekk mot framføring)

 

Kjære landsstyre,

Det er godt å sjå dykk, kvar og ein! Det er godt å vere i lag med dykk, og det er godt å kjenne på fellesskapen vi deler.

Kjære alle saman: som leiar i dette fantastiske partiet vil eg takka kvar enkelt av dykk for at de har jobba hardt, gitt av dykk sjølv, og spela andre gode i ein lang og krevjande valkamp. De har stått på for det vi trur på. For verdiane som samlar oss. For Senterpartiet. De har blitt sett. Hørt. Og tatt på alvor. Kvar og ein av dykk har bidrege til at Senterpartiet vert oppfatta som det vi er i det norske samfunnet: eit skikkeleg, stødig og rotfesta politisk parti, med både røter og vingar. De som sit her, og alle andre som har vore Senterpartiet sine frontfigurar på stand, i media, i debattar og i møte med folk, er partiet sine ansikt utad og ambassadørar. Difor er eg så utruleg glad for at de er stødige, ærlege og skikkelege folk.

Takk.

Eg vil sende ei takk og helsing til alle som har dreve valkamp for Senterpartiet, i tillegg til dykk som sit i salen i dag. Det har vore ei massiv mønstring over heile landet. Eg er stolt over all iver og glede de har teke inn i valkampen. Eg vil og takke våre familiemedlemer, kjærestar, foreldre, born, vennar og alle rundt oss som har latt oss bruke så mykje tid på det vi trur på. Vi klarer ikkje dette utan dei.

I tida framover skal bruke posisjonen vår på Stortinget konstruktivt, til å få gjennom dei sakene vi trur på. Vi skal gjere organisasjonen vår endå sterkare. Vi skal utvikle politikk. Vi skal lære av tida vi har bak oss - både av det vi gjorde rett, og det som burde vore annleis.

Ein ting står klart: valresultatet var ikkje godt nok. Vi mista mandatet i Troms, og ei viktig og tydeleg stemme på Stortinget.

Vi lukkast ikkje i å få inn nye representantar frå fylke som ikkje var representert på Stortinget i førre periode, trass i utruleg imponerande innsats frå fleire førstekandidatar. Vi må erkjenne at vi prosentvis gjorde det dårlegaste valet sidan krigen. Det er rett nok mange faktorar som spelar inn på nettopp det - men like fullt er det tilfelle. Eg hadde ønska meg eit betre resultat. Vi kan ikkje seie oss nøgde.

Samstundes skal vi heller ikkje ta frå oss sjølve det vi faktisk fekk til, både i regjeringa og i valkampen.

Stortingsvalet 2013 kjem til å bli evaluert og analysert av både vårt eige parti og i samfunnet elles ei lang tid framover. Det er gode grunnar til å stikke fingeren i jorda og spørje kvifor eit fleirtal i befolkninga går inn for å skifte ut ei regjering som har sikra vekst, tryggleik og stabilitet i åtte samanhengande år.

... og vi i Senterpartiet har mange grunnar til å vere stolte av det vi har oppnådd. Åtte år med regjeringsmakt har gitt oss avgjerande påverknad på norsk politikk, og på korleis Noreg ser ut i dag. Gjennom trygg styring har SP bidrege til høg sysselsetting, låg rente, og ein historisk vekst i nyskaping og velferd. Vi har modernisert infrastrukturen. Vi har sikra differensiert arbeidsgjevaravgift. Vi har fått gjennom ei stor auke i kommuneøkonomien. Distriktspolitisk forståing og vilje til å bruke heile landet har gjennomsyra alle politiske prioriteringar. Forskjellane mellom folk er redusert. Veksten er spreidd over heile landet.  Med andre ord: vi har bidrege til at folk har fått reell valfridom over kor dei vil bu. Vekst i heile landet, arbeidsplassar i kommunar og hos gründarar, likeverdige helse- og omsorgstenestar, skuletilbod og ein samferdslepolitikk som tek inn over seg at landet ikkje er likt frå nord til sør, har vore sentralt for oss. Vi har fått gjennomslag.

Denne beskrivinga står i kontrast til det faktum at valet førte til regjeringsskifte. Vi må spørje oss sjølve om både kva som gikk galt, og kva vi skal gjere meir av. Dette er viktige diskusjonar, som sjølvsagt også står på dagsorden for møtet i dag. Vi skal belyse dei grundig og konstruktivt.

I valkampen gjekk vi tungt ut og trakk opp klare skiller mellom den raudgrøne regjeringas politikk, og eit nytt politisk tyngdepunkt beståande av Frp og Høgre. Det norske folk stod overfor eit retningsval. Mykje stod på spel. 

 

Me kan slå fast at eit fleirtal av folket meinte at åtte år med raudgrønt styre fekk vera nok. Alle tre regjeringspartia gjekk attende, det største partiet mest.

 

I dag vil eg likevel vere forsiktig med å slå fast at det norske folk kategorisk kravde eit stort retningsskifte i Noreg. Resultatet vart at AP trass nedgong står som landets største parti etter valet. Sentrum i norsk politikk utgjer 16,3 prosent av nasjonalforsamlinga. Det ligg ei betydeleg kraft i aksen frå sentrum til våre tidligare regjeringskollegar.  No det er våre sentrumsvener som har sett Høgre og FrP inn i regjeringskontora, det kviler slik eit stort ansvar på dei for kva retning politikken skal ta. Eg registrer likevel med interesse utspelet frå leiaren i KrfU i dag, om at KrF bør fjerne seg frå høgresida og gå mot sentrum. Det er eit faktum at KrF og Venstre har ei samarbeidsavtale med regjeringspartia.  Me i Sp skal bidra konstruktivt til arbeidet med å styrke sentrum i norsk politikk i tida framover.

 

Eg undervurderar ikkje valresultatet, men; Det var heller inga marsjordre frå veljarane til den nye regjeringa om å gjennomføre fundamentale endringar i det norske samfunnet. Dynamikken som  no oppstår med ei mindretalsregjering understrekar nettopp det.

 

I dette landskapet vil Senterpartiet vere ein premissleverandør på viktige område i norsk politikk. Ikkje mindre viktig enn før. Nei, kanskje endå viktigare. Fordi no står så mye på spel.

 

Mange enkeltsaker som ligg i regjeringplattforma til dei blåblå kan alle vere samde i.  Men det ligg også reformer som, om dei vert gjennomførte, er djuptgripande og irreversible. Det er alvorleg.

 

Alle i dette rommet veit at det Noreg vi elskar, ikkje vert til av seg sjølv. Det er skapt av generasjonars bærekraftige bruk av naturressursar. Eit lite stykke Noreg vert produsert med mjølk frå norske kyr, i Noreg. Det er nettopp det som gjer det vårt.

 

Dei norske matspesialitetane, som Oslos innbyggarar valfartar til Mathallen for å kjøpe, kjem ikkje dit utan at norske bønder kan leve av å produsere dei. Spania har serranoskinke. Noreg har eldhusfår.  Frankrike har roquefort. Noreg har Kraftkar frå Tingvoll. Det blir seld matspesialitetar for 2,5-3 milliardar årleg her i landet. Vi får ikkje fram desse produkta  utan å beskytte norsk matproduksjon. Mister vi matprodusentane, mister vi både identitet, kvalitetsmat og næringsutvikling. Utan matprodusentar i heile landet, mister vi industriarbeidsplassar i byane.

 

Gror landet til, mister vi utsikten frå hytta,  og  turopplevingar på snaufjellet -  der beitedyr i dag tryllar utmarka om til miljøvennleg kvalitetskjøtt. Utan bønder og beitedyr, blir både landet og middagstallerkenen sjåande dramatisk ulike ut. Og reiselivet vil ha lite å tilby sine gjester.

 

Vi i dette rommet veit at det er grenser for kor mykje vi kan strukturrasjonalisere landbruket. I motsetnad til Høgre og FrP, veit vi at den norske geografien ikkje er lik den danske. Knattar, knausar, varierande klima og store avstander gjer at den sokalla strukturrasjonaliseringa tyder  nedlegging. H og FrP seier det til og med heilt ope: dei vil ha færre bønder. Slikt blir det ikkje meir mangfaldig matproduksjon av.

 

I valkampen jobba vi beinhardt for å få fram nettopp kor viktig matprodusentane er for heile Noreg.  Vi sette dagsorden.  Vi sa at denne saka saman med kommunereform ville vere dei mest utfordrande med ny regjering. Men vi la også eit godt grunnlag for den kampen vi no skal føre frå Stortinget: kampen for norsk matproduksjon og norske matprodusentar.

 

Ei kjerneverdi for Senterpartiet er at avgjerdsler skal ligge tettast mogleg dei det gjeld. "Regjeringen vil bygge sin politikk på frihet og tillit til innbyggerne", sa Erna Solberg i regjeringen Solbergs tiltredelseserklæring. Det kling nokså hult når vi veit at dei er meir enn villege til å svinge pisken over kommunar som ikkje vil slå seg saman med naboen. Tvang harmonerar dårleg med fridom og tillit.

 

Eg har registrert at Høgres Jan Tore Sanner no tonar ned spørsmålet om tvang. Eg meinar vi skal ta dei alvorleg. Deira kontrakt med sine eigne veljarar, er nettopp løfta dei ga i valkampen. At dei no mumlar bort tvangsspøkelset roar ikkje meg.

 

I den raudgrøne regjeringa klarte vi å snu ei negativ utvikling. Då vi overtok regjeringsmakta, var det sterk fråflytting i mange kommunar. No er det vekst i over 300 kommunar. Det meiner eg vi kan tillate oss å være stolte over.

 

Veksten skuldast at det har vorte meir reell valfridom. Dei som flyttar til, eller vel å ikkje flytte bort,  gjer det fordi dei har gode og trygge tilbod, ut over vakker natur og friluftsliv. Dei har jobb, nettverk, utviklingsmoglegheiter og helse- og omsorgstenester. Då Erna var kommunalminister, demonstrerte ordførarar i kommunar som vart sveltefora økonomisk. Under vårt styre har kommuneøkonomien vorte betre, og kommunane har fått moglegheit til å gje folk som bur der det som er viktigast for dei: tryggleik, skule, jobb, nettverk, helse og omsorg - og rom til å påverke korleis nettopp deira heimstad skal vera. Vi snudde utviklinga i rett retning, men vi har enno mykje ugjort. No skal vi bruke vår makt på Stortinget til å gjere meir. Under valkampen fekk vi løfta kor viktig det er at det er folk som blir berørt av kommunesamanslåingar, og ikkje oss i Oslo, som  skal bestemme kva for løysingar som er best der dei bur. Tvang fører ikkje til dei gode løysingane.

 

Det blir heller ikkje betre løysingar av å tvinge frem kommunar som er store nok til at konkurranseutsetting av tenester blir gjennomførbart. H og FrP er nok frista til å la dette bli en konsekvens av tvangssamanslåingane. Men sjå på Oslo: der et byråkrati og administrasjon opp den største andelen av budsjettkaka i heile landet. Stort er ikkje nødvendigvis det same som bra og effektivt. Konkurranseutsetjing krev byråkrati, for å kontrollere og gjennomføre anbod. Vi vil heller bruke midlane til å skape best mogleg tenester til innbyggarane.

 

Kjære landsstyre,

vi har brukt valkampen til å løfte nettopp dette. Konsekvensane ved å bruke tvang, og overkjøyre lokaldemokratiet, har vore del av dagsorden. No skal vi bygge vidare på det frå Stortinget. Med ei mindretalsregjering på alliansejakt i Stortinget vil både vi og andre parti bruke moglegheitane til å få landet i den retninga som vi trur på. Det er nettopp det handlingsrommet vi skal operere i dei neste åra. Men vi skal fortsatt være trygt planta i våre eigne verdiar, mål og prioriteringar.

 

Og no ber eg dykk om å lytte nøye:

 

Den raudgrøne ideen som har gitt Senterpartiet historiske politiske resultat, er ikkje noko dårlegare i dag enn før 9. september. Det er all grunn til å minne om at den regjeringa som tiltrådde i førre veke utfordrar helt grunnleggande verdiar i Senterpartiets sjel og ideologi.

 

Samstundes vil eg minne om korleis Åslaug Haga har omtala kva det raudgrøne samarbeidet var tufta på frå starten i 2005: Helt grunnleggande handla det om å bygge vidare på det landet vi elskar. Et land med små forskjellar og rom for alle, levande bygder og småstader, pulserande byar, eit mangfaldig næringsliv, frisk natur, levande kulturlandskap og eit stort solidarisk hjarte for verdas fattige og undertrykte.

 

Du skal ha god fantasi for å finne ein tilsvarande ordlyd i Erna Solberg og Siv Jensens felles regjeringserklæring, Det er klare skiljelinjer mellom dagens regjering og vårt verdigrunnlag. Den tjukkaste streken går ved Høgres allianse med Framstegspartiet.

 

Vi har all grunn til å være stolte over dei kapitla vi har skreve i Senterpartiets og landets historie gjennom disse åtte åra. Vi har hatt sterke og klare gjennomslag i den raudgrøne regjeringa i perioden 2005 til 2013. La meg gje dykk nokre døme:

 

Folketalsveksten i 300 kommunar  er allereie nemnd, men tolar å nemnast igjen. Fleire tek heile landet i bruk.

 

Vi har gjort store forbetringar i velferdstenestene. Bak dei store tala på nye barnehageplassar, nye årsverk i kommunane, og nye årsverk i pleie, omsorg og barnevernstenester skjuler det seg tryggare liv med meir valfridom for enkeltmenneske. Bak tala er eldre som får betre omsorg og pleie, småbarnsforeldre som kan velje å vere i arbeid, menneske som får jobb, og innbyggarar som får betre tenester - der dei bur.

 

Vi har fått til tidenes løft på samferdsle. Bak dei store tala på løyvingar, utbyggingsprosjekt og tal kilometer, skjuler det seg at marknaden og dei som har varer til sals kjem nærmare kvarandre. Det skjuler seg valfridom på kor i landet ein vil bu. Det skjuler seg ei breibandsatsing som gjer det mogleg å samarbeide med kolleger i Oslo, sjølv om ein har busett seg på den ytterste nøgne ø eller i dalstroka innanfor. Det skjuler seg busetnad og næringsutvikling i heile landet. SP har vore den største forkjemparen for å sikre moglegheita til å ha differensiert arbeidsgjevaravgift i heile landet. Slikt gir fleire arbeidsplassar. Det gjer det mogleg å flytte tilbake til heimplassen med born og kjærast - og finne jobb til begge. Det gir skatteinntekter til kommunen - og skaper meir velferd lokalt.

 

Senterpartiet vil at vi i Noreg skal bestemme over oss sjølve.  I motsetnad til Høgre er vi sterke motstandarar av å bli fjernstyrt frå Brüssel. Vi har gjort Noreg til ein meir sjølvmedviten samarbeidspartnar overfor EU. Vi godtek ikkje at alle direktiv som kjem frå Brüssel utan vidare skal bli del av norsk lov. Vi har brukt samarbeidsrommet som ligg i EØS. Vetoretten i EØS er reell. Første gang han vart brukt, var då vi ga EU klar beskjed: vi vil ikkje implementere EUs tredje postdirektiv. Eg tvilar på at EU-forkjemparen Høgre vil være like klar og tydeleg på norske interesser. Dei ville ikkje snakke om EU i valkampen. Det forstår eg godt. 75 prosent av befolkningen er i mot norsk EU-medlemsskap. Det er ingen tvil om at Høgre kjem til å ha ei proaktiv og offensiv tilnærming til EU. Det vil ramme den norske sjølvråderetten på sikt. Senterpartiet skal bruke si makt på Stortinget til å syte for at dei ikkje gjer frå seg makt over Noreg utan å få motstand!

 

 

Kjære landsstyremøte:

Vi har sett naturen i arbeid. Frå den rekordstore veksten i utbygging av fornybar energi kjem det grøn, utsleppsfri straum. Det kjem verdiskaping. Utbygginga av straumnettet gjer at straumen kjem fram dit han trengs.

 

Vi har slåss hardt kvar dag for norsk matvareproduksjon og norske matprodusentar. Inntektene i landbruket har auka meir enn på lang lang tid - og vi skal slåss for at auken held fram. Vi har fått gjennomslag for kravet om at matproduksjonen skal helde tritt med befolkningsauken. Tollendringane har gitt tryggleik for nasjonal produksjon av viktige produkt som drikkemjølk, faste ostar, lam og storfekjøtt.  Dei blåblå set dette på spel. Vi har halvert nedbygginga av matjord. Dei blåblå prioriterar heller kortsiktig vinst, og billegare tomter for utbyggingsprosjekt.

 

Vi har satsa kraftig på kultur og på det friviljuge arbeidet. 

 

Gode partikolleger: legg merke til at Erna Solberg knapt nemnde kultur, matproduksjon og kommunar i tiltredelseserklæringa si. Av og til er det vel så interessant å leggje merke til kva som ikkje vert sagt. 

 

Kjære landsstyre: Denne beskrivinga av røyndomen, som eg berre tok ein liten flik av no, dannar grunnlaget for historia om Senterpartiets åtte år i den raudgrøne regjeringa. Dette er vår historie – di og mi historie – om korleis eit viktig parti evnar å omsetje politikk i praksis og gjere kvardagen betre for folk i heile Noreg.

 

Det er lett å oversjå dette når vallokala har stengt og kvardagen etter kvart kjem til oss.

 

Samstundes må vi ta på alvor at vi ikkje fekk det valresultatet vi ynska. Vi må spørje oss kvifor det vart slik.

 

Var vi som lag for dårlege på oppløpet?

Var eg som leiar synleg nok, tydeleg nok?

Stod leiinga og partiet fram samla og truverdig med vår kommunikasjon eller forvirra vi veljarane med ulike meldingar?

Organiserte vi arbeidet godt nok? Brukte vi  ressursane våre godt nok, både dei menneskelege og dei økonomiske?

 

Det er ikkje eit enkelt svar på desse spørsmåla. Senterpartiet har nedsett eit evalueringsutval som analyserar valet grundig.  Resultatet som utvalet legg fram skal brukast konstruktivt.

 

Eg er glad for at vi er ti sterke og erfarne representantar som utgjer stortingsgruppa i neste periode, med ein så dyktig gjeng av tilsette rundt oss. Og vi er ingen kven som helst! Det er ingen andre, eg gjentar INGEN andre som har eit team som er sterkare på kommuneøkonomi, matproduksjon, skule, samferdsle, ressursforvaltning, sjølvråderett, helse, energi, miljø, tryggleik og mykje mykje meir. Desse politiske områda angår heile det norske folk kvar einaste dag. Det grip langt inn i kvardagslivet.

 

Jobben vår framover blir å gjere kvardagen betre for folk, uansett kor dei bur. Det har vi gjort i regjering. Det skal vi gjere frå Stortinget.

 

For meg, handlar det også om å leie, skape entusiasme, lagarbeid og et godt fellesskap. For meg handlar det om å leie Senterpartiet inn i ei ny fase – framtidsretta, ope og fordomsfritt. Vi har ei stortingsgruppe med mykje erfaring og politisk ballast. Det vert viktig å bygge opp den enkelte representant til å kjenne tryggleik nok til å gå frimodig ut og synleggjere politikken vår.  For samstundes som vi skal handtere dei sakene regjeringa legg fram til ei kvar tid, må vi evne å kome med eigen framlegg. Vi må unngå å bli eit parti som seier nei utan å ha alternative forslag. Det vil krevje mykje av den enkelte stortingsrepresentant og av gruppa samla.  Det vil også krevje god samhandling mellom ulike delane av partiet og forankring av politikken i dei styrande organ. 

 

No er tida for å fornye politikken vår. Og retorikken. Me har eit godt program - forankra i våre felles verdiar. Ny strategiprosess må engasjere HEILE partiet - for å utvikle ein heilskapleg politikk som gjer at langt fleire av dei som er samde i politikken vår faktisk røystar på SP.

 

Kjære alle saman: vi skal bruke tida effektivt fram til neste gang vi får regjeringsmakt. Vi skal ta vår plass i Stortinget. Vi har samarbeidd godt med AP og SV. Vi deler mykje historie, mange sigrar, verdiar og mål.  Dette skal vi bygge vidare på i Stortinget. Vi skal bygge godt samarbeid på felles historie, verdiar og ideologi med dei andre sentrumspartia. Vi skal slåss for å oppfylle VÅR kontrakt med veljarane. 

 

Vi skal bruke tida vår på jorda til det vi brenn for. Det er ikkje tvil om at det tidvis kostar dyrt, når familie, vener og fritid må prioriterast ned til fordel for partipolitikk.  Det har både eg og sikkert dei fleste av dykk smakt på. Men samtidig gir det ein enorm gevinst. Vi ser resultat. Vi får til resultat i saker vi trur på. Vi jobbar med flinke folk. Vi diskuterer så fillene fyk, og kjem fram til enda betre løysninger nettopp difor. Vi dansar saman. Vi lærer av kvarandre. Vi ler i lag. Og vi bidreg til at Noreg kan leverast vidare til generasjonane etter oss i minst like god stand som landet var då vi sjølve overtok.

 

Eg er utruleg takknemleg over å ha fått lov til å vere med og styre det fantastiske landet vårt i åtte år, samen med dykk. No skal vi brette opp ermane, og bruke stortingsmakta vår konstruktivt. Vi skal framleis setje vårt sterke preg på det Noreg vi elskar.