Meny
Bli medlem

Vi treng ei desentraliseringsreform

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Det er eitt år igjen til nytt stortingsvalet. Eg håper at det vert eit stortingsval som tek eit oppgjer med det samfunnet vi er i ferd med å bevege oss inn i; 90-prosentssamfunnet.

 

Dei siste tre åra har den eine reforma etter den andre skylt inn over norsk forvaltning og norske kommunar i ei fart dei færraste av oss trudde var mogleg. Om eg er usamd i stort sett alt regjeringa gjer, skal dei ha for gjennomføringskrafta.

I det stille så er vi no i ferd med å gje opp det som har vore noko av suksessen for det norske velferdssamfunnet i etterkrigstida og som har sett oss i stand til å nyttiggjere oss ressursane og skape verdiar over heile landet. Den felles oppfatninga om velferdstenester til alle, tryggleik for arbeidsrettar og eit sikkerheitsnett for alle, har vore grunnlaget for utviklinga av den norske velferdsmodellen.

Politi, kommunar, fylke, skattekontor, landbruk og NAV vert no transformert og endra med det siktemålet å få meir «robuste» strukturar og ein meir rasjonell struktur. Rasjonell tyder «hensiktsmessig» eller «fornuftig». I dei samanhengane ordet vert brukt i reformene ser det ut til å vere einsbetydande med «færre» eller «større». I nokre samanhengar kan det vere nettopp fornuftig, men det kjem an på kva målet er. Er målet å kutte kostnader og spare pengar, er det logisk å gjere det. Er målet gode og likeverdige tenester for folk i heile landet, kan det i dei fleste samanhengar vere direkte urasjonelt. Vi er eit spreidtbygd land – dette er ein villa politikk frå eit storting som har prioritert dette og sett viktigheita av at det bur folk i nærleik til naturressursane gjennom fleire tiår. No ser eg med bekymring på at denne felles oppfatninga er i ferd med å endrast radikalt.

Det kostar pengar å ha folk buande rundt omkring. Det kostar pengar å ha skular, servicetenester og helsetilbod der vatnet vert produsert til straum, der fabrikkane produserer med utgangpunkt i krafta, der hotell og bedrifter gjev opplevingar til turistane og der folk buset seg og skaper bedrifter som bidreg med skatteinntekter til fellesskapet.

Røktaren på oppdrettsanlegget må vere der heile tida. Fabrikkarbeideren må vere der fabrikken er og skal vi ha heilårsturisme som vi arbeider så hardt for, må det vere folk til stades heile året for å tilby opplevingar. Desse folka har gjerne ein familie og i sum så vert dette folk som treng tenester som fellesskapet tilbyr. Ergo så må desse tenestene vere til stades for at det skal bu folk på akkurat denne plassen. Mange av desse næringane ligg i distrikta. Men det vil ikkje vere attraktivt å vere på desse plassane og skape desse verdiane når ein ikkje får like god tilgang på tenester som dei som bur i meir sentrale strøk.

Skal vi kunne ta i bruk dei rike ressursane vi har i dette landet, må vi prioritere midlar slik at vi legg til rette for at folk kan arbeide med å ta desse ut. I debattane om krav til tenester som fellesskapet skal levere, er det ofte framme at det er tilfredsstillande om 90 prosent av befolkninga får dekka sitt behov enten det er responstid for ambulanse eller politi eller breiband- eller mobildekning. I distrikta bur stort sett dei 10 prosenta som aldri kjem med i desse 90 fordi dei bur på ein plass der det er store avstandar og dyrt å bygge ut eller å levere tenester. Det er ikkje økonomisk rasjonelt på kort sikt.

Dette er eit verdival så vel som eit rasjonelt val i langsiktig perspektiv. Skal vi framleis ha ein sterk velferdsstat der folk betalar sin skatt med meir eller mindre glede, forventar alle at dei får noko igjen for skattepengane. Dette er vi på veg til å rasere ved at det stadig er 10 prosent som må nøye seg med dårlegare tenester. Ved ein slik politikk avfolkar vi også distrikta der naturressursane ligg som alle ynskjer å nyttiggjere seg av i det også noko forslitte uttrykket «det grøne skiftet». Vi treng ikkje fleire reformer som tappar distrikta, vi treng ei desentraliseringsreform som tek på alvor at vi treng folk over heile landet.

 

Karoline Bjerkeset

2. nestleiar, Sp