Meny
Bli medlem

Vi treng tingrettar og advokattenester i heile landet

Sist endret: 27.09.2020
Regjeringa har varsla at dei vil setje ned eit utval som skal sjå på domstolsstrukturen i Noreg. Det er ikkje noko nytt at denne regjeringa ønskjer å leggje ned og slå saman domstolar, men no har dei altså tatt det første konkrete skrittet i retning av ei meir organisert strukturendring. Vi i Senterpartiet er sterkt kritisk til dette, for domstolane har eit enormt viktig samfunnsoppdrag, seier justispolitisk talskvinne Jenny Klinge.

Domstolane må vera av høg kvalitet og tilgjengelege for folk som må oppsøkje dei. Av ein eller annan grunn har det etablert seg ei oppfatning om at store domstolar er betre enn dei mindre, trass i at norske domstolar har generelt høg kvalitet, uavhengig av størrelsen.
 
Jamt over er faktisk saksavviklinga i små domstolar betre. Dei negative ringverknadene vil vera mange viss regjeringa går inn for ei strukturendring for tingrettane. Viss mange tingrettar blir slått saman eller lagt ned, vil det føre til større avstandar og eit dårlegare tilbod. Det vil også få konsekvensar for tilgangen til advokattenester for folk. Advokatkontora blir naturleg nok gjerne etablerte i nærleiken av domstolane, og ei sentralisering av domstolane kan føre til færre advokatkontor i distrikta. I tillegg taper lokalsamfunn kompetansearbeidsplassar.
 
Over lengre tid har Domstoladministrasjonen tydeleg ønskt å leggje ned tingrettar over heile landet. Fleire av dei små domstolane har gjentatte gonger vore trua av nedlegging, noko som heilt klart har gått utover rekrutteringa til enkelte av desse domstolane. Deretter blir den manglande rekrutteringa nytta som argument for å leggje ned. Senterpartiet meiner tingrettane fortener føreseielege arbeidsforhold og at den varsla strukturendringa ikkje kan godtakast. Om vi ikkje passar på, kan domstolane føye seg inn i rekka av dei innhaldslause strukturreformene til den blå regjeringa. Senterpartiet kan ikkje godta å endre struktur viss ein taper meir enn ein vinn på det, og vi meiner at det framleis bør finnast tingrettar og advokattenester i hele landet.