Meny
Bli medlem

Vidar Helgesen åtvarar i britisk storavis Storbritannia mot å gjere som Noreg

Sist endret: 27.09.2020
- Eg må innrømme at eg blei sjokkert då eg las intervjuet. I intervjuet er det nærast skapt eit inntrykk av at Noreg sitt nei til EU har vore mislukka, seier Liv Signe Navarsete.

Måndag 23. februar publiserte den britiske storavisa The Guardian eit svært kontroversielt intervju med Vidar Helgessen, Noreg sin minister med ansvar for Europaspørsmål. Her kan ein lese at Vidar Helgesen åtvarar Storbritannia og det britiske folk mot å melde seg ut av EU og å velje den norske modellen. Dette får Liv Signe Navarsete, utanrikspolitisk talskvinne for Senterpartiet, til å reagere sterkt. Ho meiner han snart må gjer sin eigentlige jobb som er å forsvare Noregs interesser.
 
- Eg må innrømme at eg blei sjokkert då eg las intervjuet. I intervjuet er det  nærast skapt eit inntrykk av at Noreg sitt nei til EU har vore mislukka, og at det norske folk meiner me ville hatt det betre som medlem av EU. Det vår eigen minister gjer er jo rett å slett å advare mot den norske modellen, seier Liv Signe Navarsete
 
Navarsete varslar no at ho no vil ta saka opp i Stortinget neste veke for å få ei forklaring frå Høyre sin statsråd.
- Kva mandat meiner Helgesen han har frå det norske folk til å åtvare Storbritannia mot å gå ut av EU? Dette skulle ikkje vere naudsynt, men eg må likevel minne Vidar Helgesen, Erna Solberg og Siv Jensen om at det norske folk har sagt nei til EU-medlemskap to gonger, og at over 70 prosent av det norske folk no er i mot eit medlemskap i EU. Det han regelrett tek avstand frå er valet som det norske folket har gjort, held Navarsete fram til.
 
- Helgesen burde kjempe med nebb og klør for å ta vare på Noreg sine interesser, ikkje bruke si arbeidstid til å blidgjere EU sine leiarar og byråkratar og samstundes snakke ned Noreg. Helgesen viser gong på gong at han arbeider som EU sin representant i Noreg, ikkje Noreg sin mann i Brussel, meiner representanten frå Senterpartiet.
 
I avisartikkelen er Helgensen også sitert på at Noreg vil vere tent med at Storbritannia blir verande medlem av EU. Senterpartiet reagerer på dette og meiner dette ikkje er basert på realitetar.


- Dette meiner eg er direkte feil. Dersom Storbritannia meldar seg ut av EU vil ein britisk exit frå EU kunne gjere Storbritannia ein partnar med Noreg i EFTA. Det vil styrkje Norge si forhandlingsmakt ovanfor EU. Dei vel 20 åra sidan Noreg sa nei til EU har vist at me greier oss godt. Men Helgesen ynskjer nok ikkje å marknadsføre at Noreg gjer det bra utanfor EU, og at Storbritannia også kan kome til å tene på å føre ein sjølvstendig politikk? avsluttar Liv Signe Navarsete.
 

Les meir i The Guardian her: