Meny
Bli medlem

VIDAREGÅANDE SKULE I HEILE TELEMARK

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Telemark Sp er garantisten for ein desentralisert skulestruktur, sa Beate Marie Dahl Eide da Fylkestinget handsama skulesaka denne veka.

Vidaregåande opplæring er det viktigaste feltet fylkeskommunen har ansvar for. Det er difor heilt naturleg at det er på dette feltet vi har ei av dei største sakene denne fylkestingsperioden.

Kvifor er vi der vi er i dag? Det handlar først og fremst om økonomi, vi er øverst og nederst på feil statistikkar. Blant anna burde det vere fleire av oss. Fleire som vil leve det gode liv i Telemark. Det er det ikkje per idag. Difor er vi der vi er idag. Elevtalet går ned, det gir mindre pengar inn, samtidig som vi står føre heilt nødvendige investeringar og oppgraderingar av skulebygg.

Det å ha kontroll på økonomien, både på drift og investering, har vore ein heilt grunnleggande inngang til denne saka frå Senterpartiet si side. Det å halde investeringane på eit lågast mogeleg nivå er ein del av dette.

Det skal byggast ny vidaregåande skule i Skien - framover skal det gjerast  reelle vurderingar, og ein skal sjå på fordelinga av utdanningstilbod mellom dei tre vidaregåande skulane i Skien. Alt heng saman med alt. Vi må vite kva vi skal bygge kor hen før vi går vidare i prosessen. Det er viktig at rådmannen no gjer desse vurderingane fagleg og økonomisk, slik at vi tek ei avgjerd på eit best mogleg grunnlag. Vi må vere sikre på at ein ikkje havnar ut i eitt nytt uføre når det gjeld skulebygging i Telemark. Vi har dessverre framleis etterlevningar av bygginga av Hjalmar Johansen med oss. Vi må sikre oss at vi har lært av dei feila som er gjort i tidlegare rundar, og at vi denne gongen har alle avtalar på plass i god tid, og at vi er sikre på at desse held mål, spesielt med tanke på å ha kontroll på økonomien. Så er eg overbevist om at vi får bygd ein flott ny vidaregåande skule i Skien.

Telemark Senterparti gikk til val på å vere garantisten for ein fortsatt desentralisert skolestruktur i Telemark. Vi vil at dei vidaregåande skulane skal vere regionale utviklingsaktørar og ha eit tett samarbeid med lokalt nærings- og samfunnsliv. Dette er òg nedfelt i den politiske plattforma 2011 - 2015 mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Den raudgrøne ambisjonen om å gjere Telemark til det fylket i landet med høgast gjennomføringsprosent, fordrar eit fullverdig og kvalitativt godt vidaregåande skuletilbod i heile Telemark.

Noko av det viktige med dette kompromisset vi har framfor oss idag, er at eit samla fylkesting bestemmer seg for kvar det skal vere skule i Telemark. Det er viktig å skape ro. Eit samla fylkesting bidreg til det.

Skulestrukturen skal bidra til ein god regional balanse og tilgang på kvalifisert arbeidskraft, gjennom at dei ulike regionane i hovudsak gir eit utdanningstilbod til sine elevar. Det er grunnleggande viktig. Det bur folk i heile Telemark, det er næringsliv som treng arbeidskraft i heile Telemark, då må vi òg ha skular som gjev opplæring og bidreg til rekruttering i heile Telemark.

Det skal ikkje bli fleire hybelbuarar i vidaregåande opplæring i Telemark enn i dag. Det skal ikkje vere fleire tilbod enn før som kun vert tilbydd i nedre delar av Telemark. Ungdommar i Telemark skal ha utdanningsmogelegheiter der dei bur. Det er viktig for å skape vekst og utvikling i heile fylket. Som regional utviklingsaktør er det viktig at vi tek ansvar for å spre den framtidige veksten i Telemark på ein best mogeleg måte.

Vi ser ei utvikling i retning av meir fleksible løp, meir veksling mellom skule og arbeidsliv. Det er viktig at vi nyttar handlíngsrommet i fjernundervisning/ nettbasert undervisning for å gje eit breiast mogeleg linje- og fagtilbod på dei vidaregåande skulane i fylket. Skulane skal slik få større fridom i å tilby/organisere opplæringsløp som er individuelt tilpasset den enkelte elev, det enkelte lokalsamfunn.

Det er viktig at vi legg nærskuleprinsippet til grunn. Elevar bør primært takast inn på den næraste vidaregåande skulen som har det fagtilbodet eleven har søkt.

Vi tek hensyn til ny nasjonal politikk: Regjeringa har foreslått å innføre ein vekslingsmodell på yrkesfag, med eit meir fleksibelt løp mellom teoriopplæring og opplæring i bedrift. Praksisbrevet blir ein del av den ordinære tilbudsstrukturen, og alle med bestått fagbrev vert gjeve rett til påbygningsår for å oppnå studiekompetanse. Alle desse endringane vil stille krav til oss som skuleeigar, gjennom tettare oppfølging av den enkelte elev og betre samarbeid med næringslivet.

Det er viktig at vi trekker næringslivet aktivt med i dei utbyggingene og oppgraderingene vi skal gjere i Telemark i åra som kjem, for å sikre lokaler og utstyr som svarer til næringslivets behov for fagkompetanse. Andre fylker har fått til gode samarbeidsavtalar med næringsliv og leverandørar som har sikra nytt oppgradert utstyr i lang tid framover, eg håpar vi og kan få til slike avtalar i Telemark.

Så er det viktig for meg å seie at eg håpar vi framover ser eit endå bedre og tettare samarbeid mellom skulane i Telemark. Få fram ein god delingskultur, der ein har fokus på å spele kvarandre god, dele beste praksis, og styrke tilbodet vi gjev til elevane i heile fylket, gjennom tett fagleg samarbeid skulane i mellom.

No når denne saka er landa, håpar eg hovudutvalet og fylkesting kan få vridd fokuset sitt over frå skulebygg og strukturar over på innhald, og at den neste store saka vi kan diskutere saman er eit lærarløft, der vi diskuterar endå meir korleis vi skal bidra til endå betre lærarar, som får kompetanseheving, utplassering i næringslivet osb. Lærarane er ein viktig, for ikkje å seie avgjerande, nøkkel for å lukkast med måla vi sett oss. Det må vi som politikarar og ta inn over oss og ha fokus på.

Skuletilbodet kjem Fylkestinget til å måtte ta stilling til kvart einaste år. Basert på søknad frå dei enkelte elevar, kommunar og næringsliv sine behov, fylkeskommunen sin økonomi. Så Fylkestinget er ikkje ferdig med å diskutere vidaregåande opplæring når vi reiser frå Bø i morgon. Heldigvis. Det skal vi diskutere å ta stilling til i både hovudutval og fylkesting framover.

Målet vårt er felles, både politikarar og tilsette; gje flest mogeleg elevar i Telemark ei best mogeleg utdanning, få flest mogeleg gjennom vidaregåande opplæring, og gjere dei til "gagns menneske". Vedtaket i dag er eit skritt på den vegen.