Planen vil kunne få store konsekvensar for det nære sjukehustilbodet. Høie har tatt til ordet for innføre ei befolkningsgrense for sjukehus som skal ha akuttberedskap. Dette har også blitt spelt inn frå ei akuttmedisinsk gruppe som er sett ned av regjeringa. Eit sjukehus som skal ha kirurgar på vakt, bør i følgje denne gruppa ha eit opptaksområde på rundt 80 000 innbyggjarar. Beredskap for liv og helse vil bli ført mange år tilbake i tid. Ei betre utbygd ambulanseteneste og hjelp frå luftambulansen vil aldri kunne erstatte akuttmottaka ved desse lokalsjukehusa.
At akuttmottaka skal fungere og gi betre tilbod utan kirurgisk kompetanse, er ein uforståeleg tanke. Lokalsjukehusa sin styrke er nettopp at dei er gode på breiddekompetanse. Derfor treng lokalsjukehus fortsatt sikrast både kirurgar, indremedisinarar og anestesilegar i vakt, samt røntgen og laboratorietenester. Lokalsjukehusa vil då kunne gi god og trygg, kortreist helsehjelp for dei « vanlegaste» sjukdomane og behandlingane. I dag viser statistikken at 2 av 3 pasientar som blir innlagt på sjukehus, bli behandla på lokalsjukehusnivå. Berre ein av tre pasientar treng meir spesialisert behandling på eit større sjukehus med meir spisskompetanse. Byggjer ein ned lokalsjukehusa, bli mange fleire pasientar måtte reise lenger for å få behandling for tilstandar som ein fint kunne fått behandling for lokalt. Dette heiter sentralisering, og det er politikk, ikkje fag.
Mange politiske parti synes å tru på at berre sjukehusa blir større, blir det betre kvalitet. Det stemmer ikkje. Kvalitet må ein jobbe for på alle sjukehus, og størrelse er ingen garanti. At det kostar for mykje å oppretthalde fleire mindre akuttmottak, er også ein illusjon. Erfaringar med sjukehusfusjonar i både Sverige og Norge viser det motsette. Storsjukehus er ikkje meir effektive. Eg er overtydd om at vi treng både store og små sjukehus i Norge, og at desse må samarbeide om pasientane, ikkje konkurrere om dei. Men tendensen i helseføretaka er at ein planlegg for å sentralisere all akuttbehandling til eitt stort sjukehus i kvar region. Då vil vi kunne få eit av dei mest sentraliserte sjukehustilboda i Europa. Og det på tross av dei geografiske og kommunikasjonsmessige utfordringane Norge har.
Senterpartiet vi lytte til fagmiljø og pasientar i denne saka. Medan Høie opprettar «ekspertgrupper», arrangerer vi grasrothøyring på Stortinget . Vi støttar opp om sjukehusmarkeringa framfor Stortinget, fordi dette er ei svært viktig sak. Sjølve føremålet med spesialisthelsetenesta er jo å skapa trygge, likeverdige helsetilbod til alle, uansett kor i landet ein bur.