Meny
Bli medlem

- Vil endre odels- og jordlova

Sist endret: 27.09.2020
Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum føreslår å mjuke opp og forenkle odelsloven. Det blir òg jobba med grep for å gjere det lettare å dele frå jord, skriv Nationen.

I går sende Landbruks- og matdepartementet ut eit forslag på høyring om å innskrenke odelskrinsen og å oppheve reglane om odelsfrigjering ved kjøp av tilleggsjord. Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier målet er å endre odelsloven for å bevare han, i tillegg til å få fleire eigedomar for sal, melder Nationen.

 

- Odelsloven har vore under angrep. Vi gjer nå endringar for å bevare odelsloven og den viktige rolla loven spelar for landbruket. Odelsretten blir innskrenka frå å vere ein slektsrett til ein rett for kjernefamilien. I tillegg føreslår vi forenkling på odelsfrigjering, som vil gjere det lettare for bønder å kjøpe tilleggsjord. Det blir ein stor forenkling i lovverket og det blir lagt til rette for meir kjøp og sal av eigedom, seier Vedum til Nationen.

 

I november varsla regjeringa at den nedre beløpsgrensa for prisregulering på landbrukseigedomar skal aukast frå 1,5 til 2,5 millionar kroner. Det gjer at fleire eigedomar kan seljast fritt utan priskontroll.

 

I går følgde Landbruksdepartementet opp med forslag til endring i odelslova. Odelskrinsen blir foreslått avgrensa til barn av eigar med odelsrett og barnebarn av siste eigar med odelsrett. Fjernare slektningar som nieser og nevøar skal ikkje lenger ha odelsrett.

 

- Det blir berre barn og barnebarn i rett nedgåande linje som får odelsrett. Det sikrar den nære familien odelsrett, og det er òg større forståinga for at nær familie har den retten samanlikna med meir fjerne slektningar. Dermed sikrar vi det beste med odelsloven inn i ei ny tid, seier Vedum til Nationen.

 

Landbruksministeren trur tiltaka over tid vil gi større omsetning av landbrukseigedom. I tillegg håper han endringane kan gi færre konfliktar.

Han føreslår òg å oppheve reglane om odelsfrigjering ved kjøp av odelseigedom som tilleggsjord.

- Det vil gjere det lettare og mindre risikabelt for bønder å kjøpe tilleggsjord. Det er også svært få slike saker, i snitt åtte per år, og det vil vere ei forenkling om forslaget blir vedteke, seier Vedum og viser til at det ofte er kompliserte saker å behandle.

Forslaget vil ifølgje Vedum bety at ein bonde som kjøper tilleggsjord ikkje risikerer at jorda blir tatt tilbake på odel.

 

Den siste tida har Nationen omtalt at 42 prosent av jorda blir leigd ut. Vedum utelukkar ikkje at forslaga, saman med eit pågåande arbeid for å mjuke opp delingsreglane i jordlova, kan dempe veksten i leigejordomfanget.

 

- Forhåpentlegvis gir endringa større samsvar mellom drivarar og eigarar av jorda, men vi vil nok ha høg leigejordprosent òg framover. På eitt vis er det ei naturleg utvikling når maskinparken blir betre og ein driv meir effektivt, og vi kan ikkje klandre dei som ikkje vil selje jorda. Ein skal vere forsiktig med å problematisere det for mykje, men det er eit langsiktig mål å få større samsvar mellom drivar og eigar av jord, seier Vedum til Nationen.